Venstre trur på løysing for dei nye kompetansekrava
– Eg har stor tru på at vi vil finne ei god løysing for innføringa av dei nye kompetansekrava for lærarar, seier stortingsrepresentant Iselin Nybø frå Venstre.
Nybø understrekar overfor Utdanning at ho har stor tru på at fleirtalet i Utdanningskomiteen om kort tid vil leggje fram ei løysing som sikrar dei nye kompetansekrava, men som òg sikrar ein meir smidig innføring. Iselin Nybø sit i Utdanningskomiteen.
– I Stortinget si høyring om kompetansekrava nyleg, men òg frå andre kjelder, har vi fått sterke inntrykk av at det er stor frustrasjon over ei rigid innføring av dei nye krava. Venstre vil ha dei nye krava, men vi vil ha ein god innføring, seier Nybø, og held fram:
– Arbeidarpartiet kom med eit framlegg til innføring som vi nå arbeider med i komiteen. Det er eit godt framlegg, og arbeidet i komiteen er i godt gjenge, seier ho.
– Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, sa i Politisk Kvarter i NRK i dag at han kjenner seg feilinformert om innføringa av kompetansekrava. Er du einig?
– Eg hadde ikkje sett for meg at innføringa skulle vere så rigid som det mange har opplevd, seier Iselin Nybø.
Til NRK sa Trond Giske at Stortinget vart fortalt at det skulle vere ein overgangsperiode på ti år der lærarar kunne skaffe seg kvalifikasjon etter dei nye krava.
– Nå viser det seg at lærarar blir avskilta allereie i dag, sa Giske.