Koronasmitte spreidd etter skoleavslutningar i Sverige
Festar for dei som er ferdige med vidaregåande skole er truleg årsak til sterk spreiing av koronaviruset i Gislaved i Sverige.
For drøyt to veker sidan tok den tradisjonelle "studentfeiringa" til i byen. Avgangselevar i Sverige feirar etter tradisjonen skoleslutt både saman med medelevar, med arrangement på skolen og med fest i familien. Sist veke var det registrert 39 koronasmitta i Gislaved. Nå er talet 160. Mange av dei som nå er smitta er fødd i 2001, og altså avgangselevar.
Det er Aftonbladet som melder dette.
Smittevernlege Malin Bengnèr i Region Jönköping, som omfattar Gislaved, seier at smitten trolig tok fart da feiringa starta. Hun seier også at ungdommane ikkje har fulgt smittevernreglar under feiringa, og vore tett saman. Det har kome fram under samtalar med ungdommane.
Gislaved er ein liten plass, og smittevernlegen meiner difor at 160 smitta er eit høgt tal.