Fleire"sjukt barn-dagar"som koronatiltak i Tyskland
Den tyske Forbundsdagen har vedtatt å midlertidig doble talet på dagar som foreldre kan vere heime med sjuke barn.
Samstundes får foreldra lov til å bruke av sjukedagane om barna må vere heime fordi skole eller barnehage er stengt på grunn av korona-smitte, sjølv om barna er friske.
Tyske foreldre har hatt rett til å vere heime til saman 20 dagar i året når barn under tolv år er sjuke. Nå er talet auka til 40 dagar under pandemien. Retten gjeld også om foreldra har heimekontor.
Men tyske foreldre får ikkje full lønn for å ta seg av sjuke barn. Kor mye dei får er ulikt, og det høgaste er nitt prosent av full lønn. Det er Süddeutsche Zeitung som melder dette.