Ekstra personell er naudsynt for å ta att for det tapte etter korona-pandemien, er konklusjonen i rapporten til kunnskapsministeren, som Grethe Hovde Parr har leia arbeidet med.
Arkivfoto: Kari Oliv Vedvik
Kontaktlæraren er nøkkelen til ein normal skoledag etter korona
–Kontaktlæraren ser elevane som treng ekstra hjelp og kan byggje lag rundt eleven ut frå kva den einskilde treng. Det var eit viktig råd frå Grethe Hovde Parr til kunnskapsministeren.
Grethe Hovde Parr, som er utdanningsdirektør hos statsforvaltaren i Viken, har leia arbeidet med rapporten «Skolen etter koronapandemien. Et løft for trivsel og læring.» Tirsdag overleverte ho rapporten til kunnskapsminister Guri Melby (V).
Mulige tiltak mot tapt læring under pandemien
En arbeidsgruppe ledet av utdanningsdirektør Grethe Hovde Parr hos Statsforvalteren i Oslo og Viken leverte tirsdag 15. juni en rapport der de foreslår flere konkrete tiltak for å bøte på tapt læring og sosialt fellesskap.
Tiltak for å sikre inkludering for alle i gode skole- og læringsfellesskap:
- Laget rundt eleven må styrkes
- Økt tid til kontaktlærerrollen
- Ivareta elevers rett til medvirkning
- Legge til rette for mestring, motivasjon og fellesskap
- Samle og gjøre tilgjengelig støtteressurser for godt læringsmiljø
Tiltak for å identifisere og følge opp elever med stort faglig og sosialt læringstap:
- Skoleeiers ansvar for å påse at det finnes gode rutiner for å identifisere elever med bekymringsfullt fravær
- Kritiske overganger: identifikasjon, informasjon og samhandling
- Tverrfaglige oppstarts – og overføringsmøter
Tiltak for å kompensere for tapt læring og progresjon for alle:
- Ekstra timer for elever som har behov for det
- Gode vikarordninger og skjerming av ressurser for tilrettelegging
- Grunnleggende språk-, lese- og skriveopplæring
- Forsterket svømmeopplæring
- Forsterket språkopplæring for minoritetsspråklige elever
- Forsterket tilbud til elever som ikke får læreplass
Kilde: Kunnskapsdepartementet
(NTB)
Parr understreka at pandemien hadde påverka skolane svært ulik, frå nesten ikkje i det heile til å skape store endringar over lang tid. Men dei som sleit før pandemien, dei har slitt ekstra mye nå.
Kompetente lærarar
– Difor må den einskilde kommune og den einskilde skole avgjere kva akkurat deira skole treng, sa ho, og understreka at det er kompetente lærarar som best kan vurdere kollektive og individuelle behov for deira elevar. Parr understreka og at det ville krevje ekstra personell for å ta att det som hadde falle bort under pandemien.
Samstundes understreka ho at elevane vil trenge tid med kvarandre og tid til å byggje opp at den sosiale læringsfellesskapen. Ho minna og om at ulike elevar må få lære på ulike måtar.
Område der det vil vere naudsynt å kompensere for undervisninga under pandemien, identifiserte ho særleg som spesialpedagogikk, særskild språkopplæring, grunnleggjade lese- og skriveopplæring, symjeundervisning og praksis i yrkesfag.
Tøff tid for lærarane
Kunnskapsminister Guri Melby sa ho var glad for at råda frå utvalet i stor grad var å byggje på dei strukturane som alt er i skolen.
– Lærarane har hatt ei tøff tid. Da er det godt at dei kan få jobbe på kjent vis. Vi skal ikkje kome med noe nytt, sa ho da ho takk for rapporten.
– Eg er glad vi har fått denne rapporten så kjapt, slik at vi kan kome kjapt i gong med tiltak. Samstundes har jo visst at det ikkje finst nokon kvikkfiks for å ta att det vi mista i koronatida. Vi må jobbe systematisk over svært lang tid, sa Guri Melby.