Illustrasjonsbilde: Erik M. Sundt
Same utfordringar i norske som i utanlandske barnehagar
– Utfordringane i norske barnehagar følgjer ein internasjonal trend, seier Ellen Os.
Os er førstelektor ved Oslo Met og ein av forskarane bak Goban/blikk for barn-undersøkinga, som kunnskapsminister Guri Melby viser til når ho i ein kronikk i Utdanningsnytt seier at 13 prosent av norske barnehagar er dårlege og 78 prosent er midt på treet.
– Statsråden trekk særleg fram at barnehagane ikkje er gode nok med språk, samspel og støtte i leik, når ho viser til forskninga du har vore med på. Har ho forstått dette rett?
– Når det gjeld språk isolert, er det sikkert fleire tilsette som kan forbetre strategiane sine, til dømes ved å stille barna opne spørsmål som gjer det naturleg for dei å svare meir enn ja og nei. Eller det kan vere eller å ikkje berre seie «å, så fint», men legge til noe som held samtalen med barnet betre i gang. Å snakke mye er i det heile tatt ein god strategi, for det gir barna fleire sjansar til å hekte seg på ein samtale, seier Ellen Os.
Les også: Hva slags barnehage skal vi ha i 2030?
Leik meir
– Frileiken står sterkt i norske barnehagar, og dei tilsette er ofte redde for å øydelegge frileiken ved å blande seg inn. Men vi vil tvert om gjerne ha dei meir med i leiken. Dei trengst der, i frileiken, for å gi støtte til barn- til barn-relasjonar, til dømes. I det heile tatt; dei tilsette må passe betre på at dei er der det viktige skjer, og i norske barnehagar er det i frileiken, seier Ellen Os.
– Er det ikkje meir effektivt om pedagogane organiserer dagen rundt aktivitetar som meir målretta kan styrast mot eit erfarings- eller læringsutbytte for ungane?
– Nei. Det er viktigare at pedagogane kjem seg inn i kvardagen til ungane enn at dei tar ungane inn i si organisering, seier Ellen Os.
Tilknyting
Eit anna område Os meiner treng nytenking, er «tilknyting».
– Tilknyting er naturlegvis svært viktig for barna. Men forskinga om tilknyting er gjort på relasjonane i heimen. Og det er jo ikkje 9 barn under tre år og tre vaksne i ein heim, seier ho.
Sidan forskninga tar utgangspunkt i heimen, men blir brukt i barnehagen, meiner ho barnehagetilsette set seg urealistiske ambisjonar for den tilknytinga dei skal ha til kvart einskild barn.
– Da er dei dømde til å mislykkast. I staden må vi utvikle måten vi arbeider med barnegruppa. Forskning viser at når tilsette er meir orienterte mot gruppa i arbeidet med barna får også barna ei tryggare tilknyting, seier ho.
Hyggeleg
Ellen Os fortel også at barnehageforskarane nå har begynt å diskutere kva trivsel og arbeidstilhøve for dei tilsette betyr for barnehagekvaliteten for ungane.
– Det er grunn til å tru at det betyr mye, seier ho.
Så minner ho om kva barnehagelærarane svarar når forskarane spør kva dei meiner er viktig for barnehagekvaliteten:
– Da seier dei «nok bemanning heile dagen». Det har dei heilt sikkert rett i , seier Os, og legg til:
– Eg har besøkt svært mange barnehagar, og kan slå fast at i norske barnehagar er det hyggelege og venlege tilsette. Det er ein svært viktig kvalitet, avsluttar Ellen Os.