– Utdanningskomiteen på Stortinget skal gi frå seg innstilling i slutten av januar, og debatten skal vi ha 6. februar. Så dette har inga hast, seier Martin Henriksen, Aps fraksjonsleder i utdannings- og forskningskomiteen. Foto: Utdanning

Langt fram til Ap-standpunkt om læraravskilting

Arbeidarpartiet kjem ikkje til å flagge sitt syn på avskilting av lærarar før tidlegast i siste halvdel av desember.

Publisert

– Det har ikkje hast, seier Martin Henriksen på spørsmål om når Arbeidarpartiet vil gå ut med sitt standpunkt til debatten om avskilting av lærarar.

Bakgrunn

I 2012 fekk den raudgrøne regjeringa gjennom at lærarar må ha minst 30 studiepoeng i faga matematikk og norsk for å undervise i desse faga på første til sjuande trinn, og 60 studiepoeng i matematikk, norsk og engelsk for å undervise i desse faga på ungdomsskolen.

Dette skulle gjelde frå 1. januar 2014, men berre for dei som vart utdanna som lærar etter at det nye kravet tok til å gjelde.

Solberg-regjeringa fekk i 2015 igjennom å endre lova, slik at frå 2025 gjeld kravet for alle fast tilsette lærarar, uansett utdanningstidspunkt.

– Vi har fått igjennom at spørsmålet skal opp til høyring i Stortinget. Da vil vi få lytta til og reist spørsmål til alle organisasjonane som er involvert i saka. Å ta standpunkt før vi har vore gjennom den prosessen ville vere respektlaust overfor dei vi kallar inn, seier Martin Henriksen, og minner om at høyringa skal vere 15. desember.

Kor lang tid vil de trenge på å fordøye høyringa?

Utdanningskomiteen på Stortinget skal gi frå seg innstilling i slutten av januar, og debatten skal vi ha 6. februar. Så dette har inga hast, seier Martin Henriksen.

Stortingsrepresentant Marit Arnstad, Senterpartiet, leverte 10.oktober eit representasjonsforslag om unntak i kompetansekravet i undervisingsfag for allmennlærarane som oppfyller krava for å bli tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014. 

Forslaget er ikkje behandla i komiteen, og det er ikkje sett dato for når det kjem opp til avrøysting.

Utdanningspolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti sa til VG 10.oktober at dei vil ha bort den delen av vedtaket frå 2015 som gir dei nye kompetansekrava tilbakeverkande kraft.

Powered by Labrador CMS