Tysk minister gjekk av etter manglande støtte til å ta fleire yrkegrupper inn i skolen
Kunnskapsminister i delstaten Brandenburg, Britta Ernst, ville gjere 200 ubesette lærarstillingar om til stillingar for miljøarbeidarar og skoleadministrasjon. Ho fekk ikkje støtte.
Det er fjernsynskanalen ZDF som melder dette.
Planen hennar var at med dette skulle vere første steg i en strategi for å handtere lærarmagelen som nå rir Tyskland.
Men tiltaket har fått sterk kritikk både for organisasjonar, politisk opposisjon og langt inn i eige parti, det sosialdemokratiske SPD. Til slutt trekte ho konklusjonen om at det ikkje var sterk nok einigheit om tiltaket, og trekte seg.
Britta Ernst er gift med Tyskland forbundskanslar Olaf Scholz, men har hatt si eiga politiske karriere. Ho har vore kunnskapsminister i Brandenburg sidan 2017 og hadde ulike høge politiske posisjonar før det.
Statsministeren i Brandenburg, Dietmar Woidke, seier at som kunnskapsminister vil Ernst framfor alt bli hugsa for sin innsats for betre bemanning i barnehagane.
Leiaren i organisasjonen Brandenburg pedagogforeining, Hartmut Stäker, konstaterer at problemet med lærarmangelen ikkje blir løyst av at ministeren trekk seg.
– Ein nase er bytta ut med ein annan, men stanken er der framleis, konstaterer han.