Pedagogdelen i barnehagane kan auke til 43 prosent
Barnehageeigarane har fått forskot frå staten for å få fleire pedagogar. Likevel vil dei ha meir pengar for å innføre bemanningsnorm i barnehagane.
Regjeringa vil endre barnehagelova, slik at kvar pedagog skal ha ansvar for 14 barn over tre år og 7 barn under. I dag er tala 18 og 6. Samstundes vil regjeringa lovfeste at det skal vere tre barn under tre år eller seks barn over tre år for kvar tilsett. Dette gjeld dei som arbeider direkte med barna på avdelingane. Styrar og anna personal skal kome i tillegg.
Går dette igjennom, vil pedagogane bli 43 prosent av dei som arbeider på avdelingane i barnehagane. I dag er det vanleg at 30 prosent av dei tilsette på avdelingane er pedagogar.
Høyringa om framlegget er nettopp over. Både KS, organisasjonen for kommunane, og PBL, organisasjonen for dei private barnehagane, meiner reforma krev meir pengar.
Støtte frå arbeidsgivarane
PBL understrekar rett nok i sitt svar at norm for bemanning og større del pedagogar er viktig for å utvikle kvaliteten i barnehagane.
Om både inntekt- og kostnadssida blir låst fullstendig, må finansieringssystemet ha mekanismar for å handsame avvik frå gjennomsnittleg kostnadsnivå, skriv PBL i sitt svar. Samstundes blir det trekt fram at grunnbemanning og driftsfinansiering i dag er dei to einaste områda som ikkje er styrt nasjonalt.
Også KS er glade for intensjonen i lovendringa. Men dei seier i sitt svar at ei statleg norm utfordrar det kommunale sjølvstyret. I staden burde det vere opp til kommunane å vedta eigne normer. Om det likevel blir ei statleg norm må ho gjelde også for dei private barnehagane.
– De seier i høyringssvaret at bemanningsnorma ikkje er oppfylt i alle barnehagar, og reforma difor ikkje er fullfinansiert. Men barnehageløyvingane er ikkje øyremerkte, det er kommunane sjølve som har brukt sjølvstyret til å velje bemanningsnivå. Korleis kan de da krevje kompensasjon for dei vala kommunen har gjort, og samstundes vise til sjølvstyre?
– Løvingane blir gitt ut frå gjennomsnittet i kommunen. Men den nye norma, som altså skal erstatte det barnehageeigarane er pliktige til i dag, skal gjelde i kvar barnehage. Da må ein del kommunar utvide med fleire årsverk i dei barnehagane som ikkje når den nye norma. Dette vil auke utgiftene for kommunane med meir enn det Kunnskapsdepartementet har rekna seg fram til, seier Erling Lien Barlindhaug, avdelingsdirektør for utdanning i KS.
Pedagognorm vil koste
Den bemanningsnorma regjeringa vil ha, er den som er i bruk i dei aller fleste barnehagar. Det er argumentet for å ikkje rekne kostnader ved å innføre den.
Ny pedagognorm, derimot, vil koste, innser regjeringa. Kostnadane er rekna til 2158 kroner for ein plass for barn under to år og 1199 kroner for barn over to år.
Kunnskapsdepartementet vil at dei nye normene skal gjelde frå august 2018. Men barnehageeigarane får alt tilskot tilpassa dei nye reglane. I budsjettforliket for statsbudsjettet 2017 løyva Stortinget 172 millionar til dette frå og med hausten 2017. Heilårseffekten av det er 413 millionar.
Utdanningsforbundet går i sitt svar i liten grad inn på økonomien i framlegget. Det blir derimot uttrykt sterk tilslutnad til viktige prinsipp i for endringane. Men Utdanningsforbundet vil blant anna auke pedagogdelen til 50 prosent av dei tilsette, og ønskjer bemanningsnorm på avdelingsnivå, ikkje barnehagenivå.