Den todelte lærarutdanninga for anten barnesteget eller ungdomssteget bør erstattast med ei fireårig samanhangande utdanning, er eit av forslaga til Sigmund Sunnanå.
Ill.: Pixabay
Sviktande rekruttering til lærarutdanninga
Debatt: På femti år er lærarutdanninga gått frå å vera ei av dei mest søkte utdanningane til å bli ei av dei minst populære.
Også i år er det nedgang i talet på søkjarar til lærarutdanninga for grunnskulen. I løpet av dei siste femti åra er denne utdanninga gått frå å vera ei av dei mest søkte utdanningane til å bli ei av dei minst populære.
På 1950-, 1960-, 1970- til slutten av 1980-talet var det ca. 6000 søkjarar til ca. 2000 studieplassar, og ein måtte ha toppkarakterar frå examen artium/vidaregåande opplæring for å få plass på dei mest populære lærarskulane.
Mange grunnar til sviktande rekruttering
På slutten av 1900-talet fekk lærarutdanninga konkurranse av mange utdanningar til nye yrke, til dømes i oljebransjen. Læraryrket miste status mellom anna på grunn av dårlegare lønns- og arbeidsforhold enn i andre yrke. Det kom auka krav til lærarane frå elevar, foreldre og styresmakter. Lærararbeidet blei «byråkratisert» med møteverksemd, planarbeid, rapportering og vurdering.
Les også: Underfinansiert lærerutdanning ødelegger reformens intensjoner
Fordelar ved læraryrket, til dømes lange sommarferiar, forsvann. Svakare søking førte til redusert kvalitet på mange av søkjarane. I 2005 blei opptakskrava skjerpa ved at karakteren 3 i norsk og matematikk frå vidaregåande opplæring skulle vera minstekrav.
Då det i 2016 kom krav om minst 4 i matematikk, blei mange – kanskje godt motiverte og skikka – søkjarar utestengde. I dei siste tiåra har det vore stort fråfall i utdanninga og mange utdanna lærarar har gått til andre yrke.
Endringar i lærarutdanninga
Det har også skjedd endringar i lærarutdanninga som har påverka rekrutteringa. Reformene i lærarutdanninga på 1970-talet la vekt på at den 3-årige utdanninga skulle vera innretta mot arbeid i grunnskulen, og forutan pedagogisk teori og praksis innehalda både teoretiske og praktiske og estetiske fag (kroppsøving, kunst- og handverk, musikk, drama). I 1991 vedtok Stortinget å utvida utdanninga til fire år.
I åra etter fekk vi ei sterkare vektlegging på dei teoretiske faga, særleg norsk og matematikk. Det kom nye studieplanar i 1992, 1998, 2003, 2006 og 2010. Av desse var planen som Kristin Clement og Helge Ole Bergesen fekk i stand i 2006 etter mi vurdering den beste.
Heller ikkje denne planen fekk lang levetid. Alt i 2010 gjennomførte regjeringa Stoltenberg eit tidlegare høgrestandpunkt om å dela utdanninga – ei for barnesteget og ei for ungdomssteget. Dette var spesielt uheldig for rekrutteringa til barnesteget. For mange potensielle søkjarar var ei så lang utdanning med avgrensa kompetanse lite attraktiv.
Den obligatoriske grunnskulelærarutdanninga blei i 2017 utvida til fem år med mastergrad. Dette har heller ikkje gitt positive utslag på søkjartilgangen. For mange potensielle søkjarar kan ei slik utdanning bli oppfatta som lang og krevjande i forhold til den status og lønns- og arbeidsvilkår ho fører fram til.
Kva kan gjerast for å få ei betre rekruttering?
Kravet om minst 4 i matematikk bør fjernast som opptaksgrunnlag.
Kravet om minst 4 i matematikk bør fjernast som opptaksgrunnlag. I staden for nåverande ordning, bør opptaket baserast på ein minste gjennomsnittskarakter frå vidaregåande opplæring, til dømes 4. Dette har Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet gått inn for. Obligatorisk mastergrad for alle lærarstudentar bør falla bort. Ei kvalitativ god utdanning på fire år med stor studieinnsats av studentane, bør vera tilstrekkeleg. Mastergrad bør vera frivillig for studentar, vidareutdanning for lærarar og ein del av forskinga ved lærarutdanningane.
Etter mi meining bør den todelte lærarutdanninga for anten barnesteget eller ungdomssteget erstattast med ei fireårig samanhangande utdanning. Studiet bør starta med ei grundig praktisk og teoretisk innføring i lærarrolla, om planverket og om organisering, arbeidsmåtar og vurdering i grunnskulen.
Forutan pedagogisk teori og praksis bør studiet innehalda teoretiske og praktiske og estetiske fag av ulikt omfang. Nokre fag må vera obligatoriske for alle, og nokre bør studentane kunna velja med tanke på om dei tek sikte på å bli lærarar på barnesteget eller ungdomssteget.
Lærarutdanninga skal bidra til å utvikla studentane sine personlege og faglege føresetnader for undervisning og for samarbeid og samvær med barn, unge og vaksne. Det bør leggjast inn sosiale og kulturelle aktivitetar som ein del av studiet. Dette kan kanskje verka tillokkande for kreative søkjarar med talent og erfaring frå arbeid med barn og unge.
Stor mangel på utdanna lærarar
Det er i dag stor mangel på utdanna lærarar, særleg i Nord Noreg og i distriktkommunar. I 2021 blir det ikkje utdanna lærarar ved lærarutdanningsinstitusjonane. Det er grunn til å tru at vi i åra framover vil få stor mangel på utdanna lærarar. Dei mindre lærarutdanningsinstitusjonane har vanskar med å fylla studieplassane. Desse utdanningsinstitusjonane bør få særlege vilkår for å styrkja rekrutteringa frå distrikta der dei er plasserte.