Dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, Morten Ørbeck.
Foto: Asgeir Høimoen
STATSBUDSJETTET 2021
– Ikkje nok pengar til femte året i lærarutdanninga
– Løyvingane til det femte året i lærarutdanninga er seksten prosent av det vi treng, seier Morten Ørbeck ved Høgskolen Innlandet.
Ikkje Regjeringa vil løyve 89 millionar til institusjonane som tilbyr grunnskoleopplæring for å finansiere det siste året til dei studentane som starta på femårig lærarutdanning i 2017.
Dette er langt under det utdanningsinstitusjonane er samde om at dei treng, ifølgje Ørbeck, dekan ved fakultetet for utdanning og pedagogikk ved Høgskolen Innlandet.
– Vi får ikkje pengar til å gjere det vi er bedt om. Reformen er svært langt frå fullfinansiert, seier han til Utdanningsnytt.
Les også: Barnehage, skole og utdanning i statsbudsjettet: Her er de viktigste punktene
– Krev anna oppfølgjing
Lærarutdanningane er blant dei lågast finansierte utdanningane i høgare utdanning.
Da utdanninga av grunnskolelærare gjekk fra å vere fireårig og bli femårig og masterbasert, forventa lærerutdannarane at staten også ville oppgradere finansieringsrammene av utdanninga.
I august i fjor gjekk tretten rektorar ved universitet og høyskoler saman om eit brev til dåverande minister for høgare utdanning, Iselin Nybø, med krav om at regjeringa sikra nødvendig finansiering gjennom statsbudsjettet.
Onsdag blei det altså klart at regjeringa vil løyve 89 millionar til institusjonane som tilbyr grunnskoleopplæring .
Ikkje likestilt
Men med denne finansieringa blir ikkje lærarutdanninga økonomisk likestilt med anna utdanning som krev mastergrad.
– Ei masterutdanning stiller andre krav til kompetanse i staben enn ei bachelor. Ein masterstudent krev anna oppfølgjing. Dette kostar, seier dekan Morten Ørbeck, og hell fram:
– Dette betyr at vi ikkje kan fylle det som har vore ambisjonen med masterstudiet. Vi får ikkje gjort det vi er bedt om å gjere.
Redde for masteroppgåva
Også leiar i Pedagogstudentane, Elise Håkull Klungtveit, meiner masterutdanninga for lærarstudentane med dette blir mye dårlegare finansiert enn andre masterutdanningar.
– Vi meiner dette vil bety dårligare oppfølging av studentane. Vi er redde for kva det vil bety for praksis og ikkje minst for masteroppgavane. Det er viktig at studentane får god oppfølging det siste året , seier ho.
Pedagogstudentane meiner at skulle masterutdanninga vore fullfinansiert måtte løyvingane til siste året vore på minst 270 millionar.
Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, meiner hovudproblemet er at lærerutdanningane er underfinansierte i utgangspunktet.
– Dei er feil plassert i finansieringsmodellen og kjem i ein skvis fordi dei ikkje kan gi lærerstudentane eit godt nok tilbod. Vi meiner lærerutdanningene må fullfinansierast, men pengane som kjem nå er etterlengta og eit skritt i riktig retning.