Illustrasjonsfoto: Bjørn Erik Larsen
Nivået går ned i tyske skolar
Ferdigheitene til tyske skoleelevar er blitt jamnt dårlegare sidan 2013.
Fram til
2013 steig nivået på prestasjonane til tyske skoleelevar. Men sidan da har det
gått gale vegen, ifølgje det tyske «Institut der deutchen Wirtschadfft», tysk
institutt for økonomi, i ein studie. Det er TV-stasjonen ZWF som melder dette.
Eit døme
er gjennomsnittet for kor dyktige fjerdeklassingar er til å lese og lytte. Det som i 2021 var
gjennomsnittet for slike ferdigheiter for alle dei tyske delstatane, er
likt med gjennomsnittet i den dårlegaste delstaten i 2011.
Forskarane
peikar særleg på ein årsak dei ser som viktig for dette. Dei meiner skolane
og barnehagane ikkje har funne det dei kallar gode svar på at barnegruppene er blitt meir
ulike, og at fleire barn ikkje har tysk som morsmål. Meir bruk av barnehagar og
større fridom til skolane er blant tiltaka dei meiner må kome.