Nasjonale prøver skal gjere skolen betre for elevane, ikkje omvendt
Debatt: Nasjonale prøver er ikkje laga for å vere eit rangeringsverktøy, dei er laga for å drive skoleutvikling på alle nivå i skolen.
Nasjonale prøver er eit grovt overtramp mot born med lese- og skrivevanskar, skriv Per Gunnar Hamnøy i Utdanningsnytt. Diskusjonen om å legge til rette for elevar under nasjonale prøver er velkjent for oss, og vi har stor forståing for dei som engasjerer seg på elevane sine vegner. Svaret frå Udir er nok også velkjent for mange. Bruk av hjelpemiddel, som for eksempel verktøy som les opp tekst i nasjonale prøver i lesing, vil påverke den ferdigheita som blir målt, og er dermed ikkje lov. Nasjonale prøver er eit verktøy for staten, seier Hamnøy. Det stemmer. Men prøvene er også eit verktøy for skolane, kommunane og lærarane, vi er mange som har ansvar for at elevane får den opplæringa dei har krav på.
Korleis kan skolane bruke verktøya som finst, blant anna nasjonale prøver, for å drive god skoleutvikling? Det er skolen som skal jobbe til det beste for elevane, ikkje omvendt.
Hamnøy trur ikkje mange lærarar legg vekt på resultata frå nasjonale prøver. Frå vår kontakt med skolar og kommunar veit vi at mange skolar og lærarar aktivt bruker nasjonale prøver for å gjere skolen enda betre, for alle sine elevar. Svært mange lærarar, skolar og kommunar gjer ein enorm innsats for at elevar skal få opplæringa dei har krav på, og det er dei ferdigheitene nasjonale prøver skal måle. Ved nokre skolar er nok også nasjonale prøver med på å avdekke at skolen kan gjere meir for at elevane skal få enda betre opplæring. Systematisk arbeid er ein av dei viktigaste nøklane for å få til endring i resultat over tid. Det er nok heller skolane som år etter år ser at dei har same resultat på nasjonale prøver, Hamnøy bør rette søkjelyset mot. Korleis kan skolane bruke verktøya som finst, blant anna nasjonale prøver, for å drive god skoleutvikling? Det er skolen som skal jobbe til det beste for elevane, ikkje omvendt.
Dei nasjonale resultata endrar seg lite – treng vi prøvene?
Hamnøy har rett i at resultata syner små endringar på nasjonalt nivå, bevegelsane er større når vi ser på kommunar, og ikkje minst skolar. Ein skole som har gjort eit løft for å utvikle elevane sine ferdigheiter, vil ikkje synest like godt på den nasjonale statistikken som på dei lokale. Nasjonale prøver er ikkje laga for å vere eit rangeringsverktøy, dei er laga for å drive skoleutvikling på alle nivå i skolen – frå klasserommet, til dei av oss som jobbar på statleg nivå. Dei nasjonale resultata vekker alltid interesse, men dei lokale resultata er viktigare i det faktiske arbeidet i kvar kommune og på kvar skole.
Kva vil det seie å «lese»?
Vi er klar over svakheiter i dagens system kor elevane gjennomfører nasjonale prøver, og jobbar med eit nytt gjennomføringssystem som skal vere betre tilpassa krava for tilgjengelegheit. Men heller ikkje i det nye systemet vil det vere mogleg å bruke hjelpemiddel i for eksempel nasjonale prøver i lesing. Men Hamnøy og andre engasjerte stemmer reiser eit svært viktig spørsmål, nemleg korleis vi definerer det å kunne «lese». Det er ein diskusjon tida er overmoden for å ta, og vi tek ballen.