Her er dei viktigaste nyheitene frå kunnskapssektoren

360 millionar kroner årleg på tiltak for tidleg innsats i skolen, norm for antall vaksne i barnehagen, meir i studiestøttem, tilskott til nye 2200 studentbustader og 252 millionar til ny femårig lærarutdanning og 555 millionar meir til langtidsplanen for forsking er nokon av dei viktigaste sakane i kunnskapssektoren.

 

Regjeringa foreslår å bruke 360 millionar kroner årleg på tiltak for tidleg innsats i skolen, og styrker arbeidet med realfag og mobbing.

Regjeringa vil foreslå at kommunane i større grad blir forplikta til å auke innsatsen for elevar som slit med å knekke lesekoden, eller som treng ekstra oppfølging for å komme på nivå med klassekameratane. Kunnskapsministeren vil våren 2017 sende ut til høyring eit lovforslag om ei forsterka plikt til å følge opp elevane på dette området.

Regjeringa foreslår i statsbudsjett for 2017 at det for skoleåret 2017–18 blir brukt 360 millionar kroner på tidleg innsats. Det betyr til saman 1,4 milliardar kroner i dei neste fire skoleåra.

Våren 2017 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget der tidleg innsats er eit viktig tema.

 

35 millionar til tiltak mot mobbing

Regjeringa styrker arbeidet mot mobbing i skolar og barnehagar, og foreslår å bruke ytterlegare 35 millionar kroner på dette. Totalt blir innsatsen 75 millionar kroner i 2017.

Hausten 2016 startar ei kompetansesatsing mot mobbing i barnehagar og skolar. Mellom anna vil skolane med dei største utfordringane få tilbod om ekstern rettleiing. Denne satsinga vil bli ytterlegare styrkt i 2017.

 

30 millionar til realfagssatsing

Regjeringa vil blant anna etablere fleire realfagskommunar i 2017. Med ein auke på 30 millionar kroner vil regjeringa i 2017 bruke om lag 80 millionar kroner på realfagssatsinga.

Til nå er det etablert 45 realfagskommunar over heile landet som arbeider systematisk med matematikk og naturfag heilt frå barna startar i barnehagen, til dei går ut av vidaregåande skole. 

 

1,3 milliardar til vidareutdanning

Regjeringa fører vidare satsinga på å gi lærarar vidareutdanning. Satsinga i dette budsjettet gir rom for om lag 5000 plassar til vidareutdanning i studieåret 2017–18.

 

Norm i barnehagen

Regjeringa vil innføre ei norm for kor mange barn det bør vere per vaksen i barnehagen, og vil sende forslag ut til høyring til våren. Samstundes styrker regjeringa arbeidet mot mobbing og vil bruke nærare 400 millionar kroner på kvalitet i barnehagen i 2017.

I 2015 hadde dei ti prosentane av barnehagane med færrast tilsette fleire enn 6,7 barn per årsverk, medan dei ti prosentane barnehagane med flest tilsette hadde færre enn 5,1 barn per årsverk. Regjeringa varsla å innføre ei norm innan i 2020 i Sundvolden-erklæringa.

 

2600 kroner meir i studiestøtte

Våren 2017 vil heiltidsstudentar få 2600 kroner meir i studiestøtte når regjeringa startar det dei kallar opptrappinga si til 11 månaders studiestøtte. Regjeringa vil også i 2017 gi tilskott til 2200 studentbustader.

I dag får studentar studiestøtte i ti månader. Regjeringas forslag til statsbudsjett for 2017 inneber at perioden for studiestøtte i inneverande studieår blir utvida med ei veke.

Når opptrappinga er fullført i studieåret 2019–20, vil heiltidsstudentar få ei årleg støtte som ligg 10 prosent over dagens nivå.

Kostnaden ved å innføre 11 månaders studietøtte i 2020 er berekna til 600 millionar kroner.

 

252 millionar til ny femårig lærarutdanning

I statsbudsjettet for 2017 føreslår regjeringa å bruke 252 millionar kroner på innføringa av ny femårig lærarutdanning.

– Med ein mastergrad vil lærarane stå betre rusta til å hjelpe elevane til å bruke heile sitt potensial. Det vil òg heve statusen for yrket og utdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Den nye femårige grunnskolelærarutdanninga startar opp hausten 2017.

 

Justert finansieringssystem for universitet og høgskolar

Regjeringa vil også endre systemet for finansiering av universitet og høgskolar. Endringane skal stimulere lærestadene til å arbeide meir med kvaliteten i utdanning og forsking, ifølgje pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

I det justerte systemet vil den resultatbaserte delen av finansieringa bli auka med 300 millionar kroner, og talet på indikatorar for resultat blir endra frå seks til åtte. Det justerte systemet vil blant anna stimulere lærestadene til å utdanne fleire kandidatar, til å skaffe meir bidrags- og oppdragsinntekter, til å skaffe fleire inntekter frå EU, og til å legge til rette for fleire utvekslingsstudentar. 

 

Fleire rekrutteringsstillingar

I oppfølginga av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning foreslår regjeringa å bruke 48 millionar kroner på totalt 120 nye rekrutteringsstillingar (stipendiat- og postdoktorstillingar). 80 av stillingane blir tildelte universitets- og høgskolesektoren, 25 stillingar går til forskingsinstitutt og 15 stillingar til nærings- og offentleg sektor med ph.d.-ordningar. Dermed vil 492 av de 500 rekrutteringsstillingane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning vere finansierte. 

 

Nye universitetsbygg

Regjeringa foreslår å bruke 15 millionar kroner til prosjektering av nye bygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, og til Tromsø Museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

 

Styrker fagskolar og yrkesfag

Regjeringa foreslår 58 millionar kroner til å styrke fagskolar og 30 millionar kroner til å styrke kompetansen til yrkesfaglærarane. 

– Vi veit at vi kjem til å stå overfor ein mangel på mange fagarbeidarar framover. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa foreslår 30 millionar kroner til å føre vidare satsinga på kompetansen til yrkesfaglærarane, og utvidar tilbodet om etter- og vidareutdanning.

 

Halv mrd til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med 555 millionar kroner i 2017.

Med forslaget til statsbudsjett for 2017 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,3 milliardar kroner i perioden 2015–17, ifølgje pressemeldinga frå KS.

 

Betre bruk av kompetansen til innvandrarane

Regjeringa vil gjere det enklare for innvandrarar å ta fag dei manglar, slik at utdanninga og kompetansen deira kan bli godkjende i Noreg.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 vil regjeringa blant anna endre opplæringslova. Med dagens regelverk vil dei som har tatt vidaregåande opplæring i utlandet, men som ikkje får denne godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, ikkje ha rett til vidaregåande opplæring. Det gjer det vanskeleg for innvandrarar å ta høgre utdanning og å skaffe seg jobb i Noreg.

 

Kompletterande utdanning

Regjeringa vil også at personar med høgre utdanning som manglar enkelte fag for å få utdanninga si godkjent som grunnlag for autorisasjon eller anna yrkesgodkjenning i Noreg, får enkel tilgang til dei faga dei manglar. Regjeringa foreslår derfor å bruke 5,4 millionar kroner til å utvikle utdanningstilbod og til å etablere 60 eittårige studieplassar. Det vil til dømes hjelpe flyktningar med helse- eller lærarutdanning utanfor EU-/EØS-området til å komme inn i arbeidslivet.

 

10 millionar til NOKUT

Regjeringa foreslår også å styrke Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med 10 millionar kroner til arbeidet med godkjenning. Løyvinga er eittårig.

 

Powered by Labrador CMS