– Godtar Utdanningsforbundet at pensjonistane taper kjøpekraft år etter år? spør Magne A. Reigstad, leiar for pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Troms. Ill.foto: Jørgen Jelstad
Underregulering av pensjonen
Kva gjer Utdanningsforbundet for å få omgjort stortingsvedtaket om underregulering av pensjonen i forhold til lønsoppgjera?
* Magne A. Reigstad er leiar for pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Troms.
Dei siste fire åra har pensjonistane tapt kjøpekraft. Dette er eit resultat av stortingsvedtaket om indeksering av pensjonane. Det gjer at løna til pensjonistane skal reduserast med 0,75 prosent i forhold til det som er resultat av lønsforhandlingane.
Dei fyrste åra førde høg lønsauke og låg prisstigning til at også pensjonistane fekk auka kjøpekraft, men dei siste fire åra har lågare lønsauke og høgare prisstigning ført til at pensjonistane har tapt kjøpekraft.
Pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Troms har i ulike samanhengar reist denne problemstillinga i organisasjonen. Det har vi gjort fordi medlemmene våre er svært uroa over utviklinga. Kva gjer Utdanningsforbundet? Det er ca. 37.000 pensjonistar i forbundet. Dette utgjer ca ein femtedel av medlemmene. No etterlyser vi svar frå forbundet.
Godtar Utdanningsforbundet at pensjonistane taper kjøpekraft år etter år? Vi veit at LOP og Pensjonistforbundet går mot underreguleringa. Kva meiner Utdanningsforbundet og Unio? Vi etterlyser kva politikk vi skal føra for å koma ut av uføret. Stortinget har vedteke underreguleringa, og det er Stortinget som må gjera om på vedtaket.
Korleis arbeider Utdanningsforbundet for å få omgjort vedtaket? Til no er det heilt stille frå forbundet. Vi pensjonistane i forbundet er villige til å arbeida mot dei politiske partia for å få dei til å støtta oss. Kan det vera ein strategi å starta eit opprør frå grasrota? No vil vi ha leiinga i Utdanningsforbundet på bana. De må visa at de vil noko, og at Utdanningsforbundet også er fagforeining for pensjonistane. Kan vi venta eit svar på dette i bladet Utdanning frå leiinga i Utdanningsforbundet?