«Eg stiller meg tvilande til at evidensbasert forsking går føre seg i stort omfang i lærarutdanninga »

Thomas Nordahl meiner at evidensbasert forsking går føre seg i stort omfang i lærarutdanninga. Denne premissen stiller eg meg tvilande til.

  • Knut Ove Æsøy er filosof og forskar på lærar og sjukepleieutdanninga.

Thomas Nordahl sin kronikk om kunnskapsbasert praksis (KBP) treng nokre merknader.

Nordal byrjar kronikken med ein bisetningspremiss om at evidensbasert forsking går føre seg i stort omfang i lærarutdanninga. Denne premissen stiller eg meg tvilande til. Eg veit ikkje at evidensbasert forsking er gjort i stor omfang i skuleverket og utfordrar Nordahl til å dokumentere det store omfanget. Dei neste merknadane handlar om gjennomføring av evidensbasert forsking og innføring av KBP i skuleverket.

"Ikkje alt som tel kan teljast, og ikkje alt som kan teljast, tel" hevda Albert Einstein. Den evidensbasert forskinga tek føre seg spørsmålet om effekt. For skuleverket er dette spørsmålet om elevane si læring. Den evidensbaserte forskinga må operasjonalisere dette ved hjelp av målbare storleikar. Læring må då reduserast til uavhengige variablar som det er mogleg å måle ved hjelp av statistiske korrelasjonar. Det vert som å måle storleiken på levra til mennesket for å avgjere om mennesket kan handtere livet eller ikkje. Løysinga vert å fylle mennesket med næring som gjer at levra veks. Problemet er at dess viktigare noko er for mennesket, dess vanskelegare er det å skulle måle det.

Gjennomføringa av KBP er utarbeidinga av prosedyre og retningslinjer. Slike retningslinjer er godt kjent i sjukepleia. Kvalitet vert eit spørsmål om formalisering av kunnskap for å fjerne menneskelege faktorar i relasjonen mellom den profesjonelle utøvaren og klienten. Læraren sitt arbeid vert å utføre prosedyre forskinga seier gjev effekt. Formåla i skulen er bestemt. Undervisningsmetodane er bestemt. Læraren vert ein industriarbeidar med mål om å produsere human kapital i form av elevar.

Forsking er ikkje verdinøytral. KBP er ikkje verdinøytral. Forsking på menneskelege relasjonar er absolutt ikkje verdinøytral. KBP gjer eit etisk overtramp når dei hevdar å skulle komme med svar på kva som skaper gode relasjonar mellom menneska. Ein lærar fortalde meg at han var irettesett av ein konsulent, for ikkje å uttrykke seg verbalt korrekt ovanfor ein elev. Konsulenten dikterte læraren rett prosedyre for kommunikasjon. Lærarutdanninga kan lage tekniske manualar for gjennomføring av testar, men ikkje for relasjonell verksemd. Diktering av læraråtferda vil gjere den kunstig og uærleg. Årsaka er at evidensbasert forsking ikkje skil mellom gjeremåte og veremåte. KBP gjer alt til eit spørsmål om gjeremåte. Lærarar med 20 års erfaring i skulen, vert sendt på kurs for å lærer prosedurale teknikkar for å handtere elevane. Det er som ein køyrelærar etter 20 år i bransjen, skulle gå på kurs for å lære å gire riktig. Overblikket i trafikken eller overblikket i klasserommet kan berre lærast av å vere der. Læraren sin veremåte ovanfor elevane er utvikla gjennom erfaringstrening.

Eg anbefaler Nordahl å sjå til sjukepleia. I sjukepleia er spenninga mellom KBP og innsiktsbasert profesjonell praksis kjent. Den innsiktsbaserte profesjonelle praksisen er mellom anna basert på Kari Martinsen sitt arbeid. Hennar arbeid kan verte forstått som eit uttrykk for kampen mot KBP. I dag er dette eit stort forskingsfelt innanfor sjukepleia. Martinsen er presentert internasjonalt som ein av dei 39 viktigaste teoretikarane i sjukepleia gjennom all tid. Grunnbøker i sjukepleia uttrykker denne spenninga i sjukepleiefeltet. Grunnleggjande lærarbøker i pedagogikk uttrykker ikkje motstand mot KBP. Difor er det flott at Ragnhild Lied prøvar å ta til mæle mot KBP.

Eg vil gjerne avslutte med eit anna sitat av Nordahl som han har ønskja å formidle til lærarstudentane i boka Livet i skolen 1: «Våre kunnskaper, meininger og oppfatninger er subjektive, de høyrer til meg, og de er riktige og sanne for meg.» Empirisk evidensbasert forsking relativiserer sanninga og røyndomen ved aldri å kunne påvise noko som sikkert sant. I motsetning er erfaringsbasert kunnskap eit uttrykk for menneske si indre kjensle av tryggleik og sikre erkjenningar.

Læraren må ta avgjersler basert på klokskap, skjønn og sensitivitet i møte med elevane og ikkje basert på prosedyre eller verbale utsegn. Sjåførlæraren sitt overblikk og kunnskap er ikkje subjektivt, men uttrykker ein kunnskap som er felles for all bilkøyring.

Læraren sitt overblikk og kunnskap i møtet med elevane er ikkje subjektiv, men eit uttrykk for ein felles forståing av situasjon og nærleik som i seg sjølv er læring. Ei læring om det vesentlege i livet og som aldri vil verte forklart med ord.

-------------------------------

Dette er et svar til en kronikk som Thomas Nordahl skrev i Utdanning. I kronikken skriver han blant annet at «lærere bør ikke ha full metodefrihet, forstått som frihet til selv å velge det de har tro på. Evidensbasert forskning som i dag eksisterer i et stort omfang, bør gi føringer for hvordan læreren skal undervise.»

Kronikken finner du her

Powered by Labrador CMS