– Ingen motiverte av subjektiv lønsfastsetjing

Dei som ikkje får, vert skuffa. Dei som får, tykkjer det er ubehageleg. Og leiarane som må praktisere systemet, misser respekt. Slik vert verknadene av systemet med individuell lokal lønn oppsummert i ei ny masteroppgåve.

Dorthea Sekkingstad la fredag fram ei rykande fersk masteroppgåve i utdanningsleiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I arbeidet med oppgåva har ho gjort djupneintervju med åtte lærarar i ein kommune som praktiserer resultatløn. Hovudkonklusjonen er at individuelle tillegg når dei er basert på subjektive vurderingar, ikkje spelar nokon positiv rolle.

– Ingen svarte at individuelle lønstillegg har ført til meir innsats og betre kvalitet, framheva Dorthea Sekkingstad.

Tvert om syner funna at sjølve prosessen rundt tildeling av individuelle tillegg verkar demotiverande.

– Karakteristikkar som "uforståeleg" og "urettferdig" gjekk igjen i intervjua. Ingen veit sikkert kva dei skal gjere for å påverke si eiga løn. Dermed vert systemet noko det er umogleg å ha gode forventningar til, sa Sekkingstad.
"Empati" og "sosial kompetanse" er blant kriteria som leiarar måtte leggje til grunn for å avgjere kven som skal få tillegg.

Dei ho intervjua, la ikkje skjul på at tillegga skapte splid i lærarkollegiet.

– Dei som har fått tillegget, seier at dei ekstra pengane ikkje er verd ubehaget det fører med seg. Men kollegaene vert ikkje sure på kvarandre. Derimot misser leiaren tillit. Dei spør seg korleis han eller ho kan bruke eit slikt leiingsverkty på denne måten og kva dette seier om vedkomande som pedagogisk leiar, fortalde Sekkingstad.

Det viste seg òg at individuelle tillegg vert knytte til lydnad og straff. Dei som vart intervjua, fortalde at dei er varsame med å kome med ærleg kritikk mot leiinga fordi dei fryktar at det kan få følgjer ved det lokale oppgjeret.

Men Sekkingstad understreka at dei ho intervjua ikkje stilte seg helt avvisande til lokal løn.

– Føresetnaden var at kriteria var klare, til dømes dersom det vert gjeve tillegg for etterutdanning i fag som skulen treng, sa ho.

Gunnar Sortland er rektor ved grendeskulen Årebrot i Flora kommune. Han gjorde det klart at han ville tatt opp kampen og sannsynlegvis nekta å ta i bruk eit system basert på at rektor skal vurdere dugleiken til den enkelte læraren.

– Eg ville ha tatt kontakt med nære kollegaer som tenkjer likt med meg i dette spørsmålet. Vi treng modige skuleleiarar som tør å seie nei til dette, sa han frå talarstolen og fekk full støtte i salen.

I Sogn og Fjordane praktiserer fylkeskommunen ordninga med individuelle lokale tillegg basert på subjektive vurderingar, medan det berre er ein av dei 26 kommunane som gjer det same. Ei spørjeundersøking som Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane har utført blant medlemene, syner mellom anna at 82 prosent ikkje trur at eit system med subjektive kriterium kan fungere rettferdig.

– Når det gjeld lønnstillegg basert på subjektive, prestasjonsbaserte kriterium, er medlemmene krystallklare. Ikkje vil dei bli motiverte av det og ikkje har dei trua på at det kan gjennomførast på ein rettferdig måte, sa fylkesstyremedlem Steinar Strømsli då han presenterte undersøkinga, der 1081 av rundt 3000 medlemer i KS-området hadde svart. Han la til at det er interessant at lærarane i vidaregåande opplæring, som har eiga erfaring med subjektive lønskriterium, er endå meir kritiske enn gjennomsnittet.

Dei fleste som deltok i undersøkinga, hadde likevel berre erfaringar med lokale forhandlingar der ein prøvde å nytte mest mogleg objektive kriterium.

– Likevel får vi resultat som samsvarar mykje med Sekkingstad sin studie: Lokale forhandlingar opplevast som urettferdige og tilfeldige, og sjølv med objektive kriterium er det ein svært avgrensa motivasjonsfaktor, utdjupar Strømsli overfor Utdanning.

93 prosent vil helst ha ei sentralt fastsett løn ut frå kriterium knytt til utdanning, ansvar og ansiennitet, syner undersøkinga.

Ifølgje Strømsli var ikkje hovudmålet med handsaminga av denne saka på årsmøtet å diskutere for og imot lokale forhandlingar, men korleis ein kan handtere slike forhandlingar best mogleg. Årsmøtet fatta eit vedtak der det heiter at fylkeslaget må ta ansvar for å starte ein dialog med KS der ei felles forståing for utfordringane med lokal lønspolitikk er målet.

Powered by Labrador CMS