Lærarane i Jordan får lønsauke på opp til 70 prosent etter ein månad med streik
Lærarar jublar over historisk avtale.
Nestleiar Nasser al-Nawasrah i den jordanske lærarorganisasjonen kallar avtalen med styresmaktene for historisk. Lærarane vil få lønstillegg på mellom 35 og 70 prosent, melder det arabiske nyhendenettverket al-Jazeera, som opplyser at snittløna for jordanske lærarar er rundt 450 dinarar i månaden. Det svarar til om lag 6300 kroner i månaden.
Lærarstreiken var den lengste streiken blant offentleg tilsette i Jordan nokon gong. Rundt 1,5 millionar elevar fekk ikkje undervisning. Streiken starta etter at styresmaktene nytta tåregass for å jage bort tusenvis av lærarar som hadde samla seg i nærleiken av regjeringskontora for å krevje meir løn. Lærarane meiner dei lønsmessig har hamna etter andre tilsette i offentlege statsorgan. Ifølgje al-Jazeera gav styresmaktene etter for å unngå at streiken utvikla seg til ei større politisk krise i form av masseprotestar mot brotne lovnader om økonomisk vekst.
Jordan er mellom landa i verda som nyttar mest pengar på offentleg sektor i høve til brutto nasjonalproduktet. Det internasjonale pengefondet IMF har kravd kutt i budsjetta for å få ned statsgjelda til det arabiske kongedømmet, som er på rundt 40 milliardar dollar, tilsvarande 380 milliardar kroner.