Søk ly i distrikta. Her er det både hjerte- og husrom. Dette er ein av fleire folkevettreglar til Nord universitet. Foto: Wikimedia Commons / Googleaseerch
Nord universitet: Det er inga skam å snu!
Kjære NORD universitet: Når du no planlegg å legge ut på ei strabasiøs og faretrugande ferd, kan det vere lurt med litt sunt folkevett på reisa.
1. Planlegg (struk)turen etter behova som faktisk finst
- Vis omsyn til geografien. Områda du gjev deg i kast med er enorme.
- Tenk på land og folk. Det at vi er forskjellige er vår styrke!
- Dei som seier at alle vil på bytur, er på bærtur.
2. Tilpass (struk)turen
- Ikkje legg ut på langtur i ulendt terreng med skjult agenda.
- Er du på veg til å bryte ut og gå aleine, vær varsam!
3. Unngå bomtur
- Sørg for å ha kunnskap. Den kan visst vere både første- og «annanrangs».
- Godt trakka stiar er ofte gode å gå i.
- Lytt til erfarne fagfolk, gjerne dei med hundre års erfaring.
4 . Du har no ansvar for førstehjelpsutstyret
- Ta vare på lærarar og sjukepleiarar. Dei kan redde liv!
- Dersom du hamnar i ulukka kan du få hjelp, takka vere ei i bunad.
- Vi kunne ha varsla politiet, men dei er dessverre ikkje i nærleiken lenger.
5 . Vær merksam, når du no er på tynn is
- 80.000 helgelendingar kan utløyse skred.
- Eit skred kan gå tre gongar så langt som høgda på henget.
- Først vil skredet ramme Helgeland, seinare vil det eskalere NORD-over.
6. Legg frå deg uvêr og kulde
- NORD-vinden klarar ikkje å blåse anorakken av ein friluftlivsstudent om sola lyser sterkare her heime.
7. Ikkje lag dine eigne kart
- Rapportar er nyttige, men berre om innhaldet er korrekt.
- Forsking er viktig, men berre dersom ho vert lytta til.
- Kjenn etter i ditt indre moralske kompass.
8. Avpass farta og pass på at alle er med
- Søk ly i distrikta. Her er det både hjerte- og husrom.
- Ikkje tre huva ned over auga.
- Då risikerer du å grave deg sjølv ned i (u)tide.
9. Vend i tide!
- Lytt til erfarne studentar.
- Hold (fusjons-)avtala.
- Det er inga skam å snu!
Beste helsing Jenny Myklebust
«annanrangs»-utdanna lærar frå Høgskulen i Nesna.