Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Foto: Jannica Luoto
Ny forskrift slår uheldig ut for nynorsken
Debatt: – Det var nok ikkje dette Kjersti Toppe drøymde om.
For åtte år sidan vedtok Noregs Mållag ei fråsegn på landsmøtet
som tok til orde for å utvide retten til å gå i eiga nynorskklasse også ut
ungdomsskulen. Målsettinga var klar; å hindre at nynorskelevane skulle skifte
språk fordi elevane vart sette i klasser der bokmål var i fleirtal.
Dåverande
stortingsrepresentant frå Senterpartiet, Kjersti Toppe, såg at dette var ei
aktuell problemstilling for det språkblanda områda rundt Bergen. Ho tok difor
initiativ til å fremje dette i Stortinget. Etter ein lang politisk prosess vart
denne retten offisiell utdanningspolitikk då den nye opplæringslova tok til å
gjelde frå august i år.
Språket i skulen er viktig for lokalsamfunnet
Å skifte opplæringsspråk i skulen er ikkje ei sak ein vanlegvis
tek lett på. Difor seier lova at minst ein fjerdedel av dei med røysterett må
ha skrive under på eit krav om dette, før kommunestyret pliktar å gjennomføre
røysting. Forskrifta seier også at alle innbyggjarar over 18 år har rett til å
røyste i slike saker. Stortinget har på det viset markert at språket i skulen
er eit spørsmål som ikkje berre gjeld elevane og lærarane på ein enkelt skule,
men at det også er viktig for lokalsamfunnet rundt skulen, næringslivet,
organisasjonslivet og kyrkja.
Den nye forskrifta ber kommunane om å fastsetje hovudmål for alle
skulane. Det gjev meining for ungdomsskulane. Sidan ungdomsskulane vart
oppretta, har dei ikkje hatt eit hovudmål. Elevane kan velje sitt eige
hovudmål, og skulen sjølv og lærarane har stått fritt til å skrive det som
høver for kvar enkelt. No må dei få dette fastsett, slik at foreldra til
elevane på ein bokmålsungdomsskule kan be om eiga nynorskklasse.
Men alle barneskulane i heile Noreg har eit
hovudmål, og lovverket for språk i barneskulane er ikkje endra. Så det bør det
vere ei lett sak å ta dette kravet ut. No fungerer lova nærast som ei oppmoding
om å ta ei ekstra vurdering på om dei eigentleg vil vere nynorskskule eller
bokmålsskule. Det råkar nynorsken hardast.
Forskrifta utløyser uvisse
Ved at kommunane har fått dette kravet på seg, har det utløyst
mykje uvisse i fleire av dei kommunane som vi reknar som randsonene, altså der
den språklege konkurransen mellom nynorsk og bokmål er sterkast. I staden for å
vedta nynorsk, som er hovudmålet i dag, vedtek kommunestyra å leggje saka til
folkerøysting utan at det har kome krav om dette lokalt, men nettopp berre
fordi kravet frå staten no opna saka. Stortinget har rett og slett laga ein
snarveg til folkerøysting for barneskulane.
I denne saka ser vi ein tydeleg forskjell på det vi vanlegvis
kallar nynorske kjerneområde, nynorsk randsone og bokmålsområde. I Gloppen og
Bodø går forskrifta gjennom med eit klubbeslag, medan det vert det full fyr i
debatten på Dovre og medieoppslag om at no står nynorsken for fall.
Den nye forskrifta kan høyrest tilforlateleg ut. Men når
forskrifta ber kommunane om å stadfeste hovudmål på alle barneskulane sine, er
det i realiteten ei språkskifte-forskrift Kunnskapsdepartementet har sendt ut.
Vi trur ikkje at det var meininga frå verken
Kunnskapsdepartementet eller Stortinget å kvitte seg med flest mogleg
nynorskelevar. Og vi trur definitivt ikkje det var dette statsråd Kjersti Toppe
drøymde om då ho kjempa igjennom reforma med språkdelt ungdomsskule. Målet med
språkdeling i ungdomsskulen var at fleire skulle kunne gå i eiga nynorskklasse
gjennom heile grunnskulen. Det skulle aldri vekslast inn i færre nynorske
barneskular.
Nordtun og Toppe bør ta eit rådslag
Denne språkskifte-forskrifta er politisk vedteken og då må ho
endrast politisk. Kan hende kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun bør ta eit
rådslag med regjeringskollega Toppe. Dei bør sikre ein opplæringspolitikk som
er i tråd med gjeldande språkpolitikk. Språklova seier at det offentlege har
eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som det minst brukte av dei to norske
skriftspråka. Då må anna lovverk leggje til rette for at nynorsken har minst
like gode kår som bokmålet.