Er Utdanningsforbundet sentralt utan språkleg medvit?
Debatt: I Utdanningsforbundet sitt høyringssvar til utkast til ny opplæringslov, er ikkje nynorsken nemnd med eitt ord.
Vi liker vel gjerne å tru at vi har medvit på det meste, men det er alvorlege indikasjonar på at det knapt er puls i organisasjonslekamen når det gjeld forvaltning og støtte av den fleirspråksituasjonen vi er i, og at skriftspråket nynorsk er politisk salderingspost for tillitsvaldarbeidet på topp i organisasjonen.
For å vere heilt konkret: Eg er rimeleg (sett inn eit valfritt negativt kraftuttrykk som til og med ein nordlending hadde raudna av) etter å ha lese Utdanningsforbundet sentralt sitt høyringssvar til utkast til ny opplæringslov. Nynorsken er ikkje nemnd med eitt ord.
Dette er eit sentralstyre for bokmålet til noko anna er vist med tyngd i evidensen.
Her har vi tydelegvis ein kohort i tet som har sove i nynorsktimen og/eller duppa av i viktige skjermmøter. Dette er eit sentralstyre for bokmålet til noko anna er vist med tyngd i evidensen.
Eg liker det som står i høyringssvaret, men byger av svartsinn samlar seg når eg ser kva som ikkje er der. Svaret er elles grundig, og eg er svært nøgd med kor tydeleg det er på mange område som har store konsekvensar for lærarane og elevane sin kvardag. Læraren sitt rettsvern kan med eit enkelt grep styrkast om opplæringslova minner lesaren om innsynet og kontradiksjonsretten som er i forvaltningslova, og den sunne skepsisen til nye omgrep som «universell opplæring» er tryggande.
Det at ein avgrensar det som vert kommentert, er strategisk lurt, det vil kanskje gjere at det som er kommentert vert lagt sterkare vekt på. Kva og kor mykje som blir kommentert, er viktige avvegingar når ein stor og viktig organisasjon som faktisk vert høyrt på, hevar røysta.
Som største lærarorganisasjon representerer Utdanningsforbundet ein mosaikk av interesser i medlemsmassen, og kva vi meiner om ulike saker, er ein viktig pådrivar og kvalitetsgaranti for at det som er politisk avgjort, blir sett ut i livet so forsvarleg som mogleg.
Ei av dei sakene vi har hatt lang tid til å setje ut i livet (eller bremse realiseringa av), er tospråkssituasjonen, som kan førast tilbake til jamstellingsvedtaket av 1885. Kampen har sidan då vore å utvikle nynorsken sine kår både som hovudmål og sidemål, med sterke motkrefter på mange sider.
Det er mange som jobbar hardt for å marginalisere nynorsk og få eit bokmålsnormativt skriftsamfunn. Kommentarfelta er fulle av angrep på nynorsk, gjerne på dårleg bokmål, og i Bergen hadde vi for nokre år sidan ein skulebyråd som varma fingrane sine på ei brennande «spynorsk mordliste» den gong han var ungdomspolitikar. Det er i det minste litt moro å tenke på.
Vi har ein stri og tøff jobb som lærarar når vi skal forsvare og utvikle tospråkssituasjonen og hjelpe elevane til å bli gode språkbrukarar, når ein del av faget til stadigheit skal hånast og marginaliserast. Det er heilt avgjerande at til sterkare åtaket er på nynorsken, til sterkare må forsvaret vere. Vi er nøydde til å få ei opplæringslov som stiller krav til språk i skulen, det er ein garantist for framtidig kvalitet, det vil gje lærarane ein enklare jobb, og det vil dermed styrke eleven sin språklege kompetanse og emosjonelle tilknyting til heile innhaldet i faget.
No har vi eit høve til å markere for dei med mynde til lovskriving at alle læremiddel skal vere like gode på nynorsk som bokmål. Vi kan få ei lov som stiller krav til seljarar av skjermlæremiddel og programvare, store multinasjonale firma tener store pengar på at vi er ein kunde utan medvit, som tek det vi får, utan spørsmål eller krav.
Om lova stiller krav til at alt Ikt-utstyr og programvare skal falle inn under det parallellitetskravet som gjeld for andre læremiddel, hadde den styrka språksituasjonen for alle i skulen. Frå Målungdommen si heimeside: «Norsk Målungdom meiner at eit parallellitetskrav også må gjelde kontorstøtteprogram, operativsystem, programvare og liknande. Vi er spesielt uroa for mangelen på nynorske retteprogram, til dømes på iPad og Chromebook. Mangelen på slik programvare fører til at nynorskelevane får færre hjelpemiddel enn bokmålsmedelevane deira.»
Språkrådet meiner det same: « Språkrådet stør framlegget om å vidareføre parallellitetskravet til læremiddel i gjeldande lovtekst. Språkrådet meiner likevel at lovutvalet opererer med ei for snever forståing av kva eit læremiddel er, og kva parallellitetskravet bør omfatte. Språkrådet oppmodar departementet om å sjå særleg på læremiddeldefinisjonen og å inkludere digitale verktøy i parallellitetskravet.»
Om ein tek inn over seg det hegemoniske jerngrepet skjermbruk er i ferd med å få i pedagogisk samanheng, er det heilt klart at vi ikkje utan vidare har kontroll på språkinnhaldet i eleven og læraren sitt dominerande verktøy i kvardagen. Bokmål og engelsk er dataspråka, og retteprogramma på mange av skriveprogramma er i mange døme heilt på «kven kveit»-nivå. Dette har eg skrive meir utførleg om i Utdanningsnytt i mai, side 34.
Eg vil gjerne vite bakgrunnen for den språkpolitiske likesæla som gjer at Utdanningsforbundet sentralt ikkje støtter norsk språkkultur, norskfaget er «fagenes fag», og vi kan knapt kalle oss «fagforening» om vi ikkje foreiner og representerer faga betre enn dette. Vi har vedtekne målsettingar om læremiddel der vi utfordrar andre sin lytteevne, men kor godt står det eigentleg til med vår eigen hørsel?: «Hvis staten, kommuner og fylkeskommuner, private læremiddelprodusenter og andre tar avgjørelser uten å lytte til behovene til skoler, lærere og elever, vil resultatet blir dårligere læremidler. Frå Utdanningsforbundet sine «overordnede prinsipper for læremidler.»
Med dette medvitslause høyringssvaret er det gjennomført ei formidabel unnlatingssynd.
Med dette medvitslause høyringssvaret er det gjennomført ei formidabel unnlatingssynd. Stemma vår som organisasjon kunne vore utslagsgivande, men når lovskrivarane ser at dei kan marginalisere nynorsken utan at den største lærarorganisasjonen lettar på eit augelok, ja då vil det garantert skje. Stikk i strid med dei fjonge orda vi for eksempel kan lese i programmet for inneverande periode, Vi utdanner Norge: «Ny teknologi må tas i bruk på utdanningens premisser og støtte opp under verdigrunnlaget og det overordnede formålet for barnehage, skole og høyere utdanning.»
I Overordnet del kan vi lese «Opplæringen skal sikre at elevene blir trygge språkbrukere, at de utvikler sin språklige identitet, og at de kan bruke språk for å tenke, skape mening, kommunisere og knytte bånd til andre. Språk gir oss tilhørighet og kulturell bevissthet. I Norge er norsk og de samiske språkene sør-, lule- og nordsamisk likeverdige. Norsk omfatter de likestilte skriftspråkene bokmål og nynorsk. Norsk tegnspråk er anerkjent som et fullverdig språk i Norge. Kunnskap om samfunnets språklige mangfold gir alle elever verdifull innsikt i ulike uttrykksformer, ideer og tradisjoner.»
Her hadde det vore eit unikt høve til å sette ned ein stor og viktig fagforeiningsfot for å sikre norsk språk, ein heilt konkret operasjonalisering av dei ideelle fordringane vi finn i dei meir høgtsvevande delane av lovverket. Eg er framleis oppskaka over at nynorsk ikkje er prioritert i høyringssvaret, medan samisk språk blir i den historiske skamkjensle over fornorskinga sitt namn, sjølvsagt gjeve spalteplass. Det er viktig og rett, men det er ikkje motstridande interesser dette. Norsk språk er i utgangspunktet bokmål, nynorsk og dei ulike samiske. Om lova då blir som det da ser ut til, vil ansvaret for å effektuere dei språklege jamstellingsintensjonane, ligge enda tyngre på lærarane sine skuldrar enn før. Læreverk i papir er som kjent vedtekne som anakronismar, og med det skjermlivet vi har i skulen, må vi riste av oss den språklege likesæla og tørre å stille krav til både form og innhald på dei digitale læremidla vi brukar millionar på.
Om det er eitt og anna patosverkemiddel i denne teksten, vit då at dei i ein slags lojalitet og sjølvsensur er kraftig nedjusterte. Med denne enkle setninga kan vi redde nynorsken i skulen for mange år framover. Må det vere so vanskeleg? «Alle digitale læremiddel skal ha same høge kvalitet på nynorsk som bokmål. Det gjeld både faginnhald, brukargrensesnitt og innebygde retteprogram.»
Beste helsing norsklektor Roar Ulvestad. Ikkje målmann, men fortvila brukar av to skriftspråk som skal vere jamstelte.