Økonomisk galopp – vanlege folk betaler

Medan vanlege lønnsmottakarar i OECD-landa gjerne betaler ‪30 – 40 prosent av‬‬‬ inntekta i skatt, betaler ei rekkje store bedrifter berre ‪rundt 3‬‬‬ -10 prosent.

Ja, somme betaler så godt som null i skatt. Denne lågskattejakta svir for velferda, hemmar offentlege investeringar og medverkar til arbeidsløyse. Også i Noreg.

 

Ifølgje OECD kostar den grå økonomien meir for verdssamfunnet enn den illegale svarte økonomien. Globalt er inntektstapet om lag 650 milliardar kroner. Berre i Sverige blir det tapt sju milliardar kroner på den grå økonomien – kvart einaste år. Det tilsvarar skulegang for 470.000 born. Eller 344.000 barnehageplassar. Dette var talas klåre tale i NRK Brennpunkt 12. april. Journalistane i SVT hadde rekna på kva avsløringane i dei såkalla Panama Papers faktisk betyr for folk flest – kven som sit igjen med rekninga til slutt. Det er ikkje noko som tilseier at situasjonen er betre i Noreg.

Skattesnyteriet som er avdekkja gjennom Panama papers er uakseptabelt. Ein del av det er grovt tjuveri frå fellesskapet, nasjonalt og globalt. Somme kallar det ei sjokk. Men det er verre enn som så: det er eit venta sjokk. Men (penge)makta rår, og lite har blitt gjort.

 

Den svarte økonomien der ulovlege metodar og kriminelle verkemiddel er ein del av innteningsstrategien blir fordømt av så godt som alle. Men kva med ein businesspraksis som stadig tøyer grenser og jaktar på smuttholl i regelverket for å redusere både skatt og arbeidsvilkår? Alt tyder på at denne sporten breier om seg. Ein hær av konsulentar og rådgjevarar medverkar til det. Dette gir profitt for somme, men det er tapsprosjekt for samfunn og for velferd. Det rammar i stor grad arbeidsfolk.

I tillegg til at etikk blir pressa hardt i den moderne businesspraksisen, ser vi også at både menneskerettar og grunnleggjande arbeidslivsstandardar blir sette under press, og ofte neglisjerte. Selskap jaktar iherdig på å unngå «dyre arbeidstakarar» og «unødig» innbetaling til felleskasser. Eitt verkemiddel er at arbeidsfolk jobbar i eit land, men er heimehøyrande i eit anna land. Slik arbeidsutveksling blir organisert systematisk for å sleppe unna med minst mogleg til felleskassa både i arbeidslandet og i bustadlandet.

 

Det blir etablert eit avansert nett av "postkassefirma". Ein kunstig selskapsstruktur er systematisk med på å svekke arbeidsvilkåra for folk, også i EU/EØS-området. Dette endar ofte opp som sosial dumping. I enkelte tilfelle kan ein snakke om mafialiknande praksis med lange arbeidsdagar, korte tilsettingsperiodar, elendig løn, og ingen rettar til sjukeløn eller ferie. Underleverandørar og utleigefirma dels konkurrerer, dels samarbeider om å utveksle billege arbeidsfolk med svake rettar. Korrupsjon er ein del bildet. Enkelte selskap har også gått konkurs, sagt opp alle arbeidstakarane, men i forkant plassert overskot i skatteparadis. Dette er ein del av det moderne business- og arbeidslivet i Europa. Og det er velkjent. Men ein sentral del av den offisielle «fri flyt»-politikken.

Ein annan strategi er reorganisering av selskap. I Frankrike har ein dei siste åra sett ein eksplosjon i talet på selskap og juridiske einingar. I perioden frå 1999 til 2011 var det ein auke frå cirka 45000 juridiske einingar til 210000, ein vekst på nesten 500 prosent. Det er også skapt fleire jobbar. Men her er veksten langt mindre, knapt 50 prosent. Og her er ei alvorleg bakside: Oppsplittinga har gjennomgåande svekka arbeidstakarane sin posisjon. Arbeidsgjevarane mislikar fagorganisering og kollektive avtalar, og lønnsnivået går nedover.

 

Både på kort og lang sikt skaper dette eit arbeidsliv i ubalanse, der stadig fleire får vanskar med å skaffe seg anstendige livsvilkår, sjølv om ein er i jobb.

Det nyttar lite å appellere til etiske standardar. I moderne business er det ein kostnad. Viss ein meiner at utviklinga går i feil retning, må ein arbeide for strengare regelverk og betre kontroll. TUAC, fagrørslas rådgjevande komité til OECD, foreslår mellom anna at OECDs retningsliner for god forretningsskikk bør nedfellast i ein traktat som i større grad vil binde medlemslanda. Enn om Noreg går i front for eit slikt fornya og forbetra internasjonalt regime? Vi forvaltar trass alt eit av dei største investeringsfonda i verda.

Powered by Labrador CMS