For full musikk

For full musikk
Av Finn Evensen, Ragnhild Øvergaard Sæheim og Unni Sørenbye Andersen
204 sider
Kommuneforlaget

Musikkglede i barnehagen er den nyaste boka i Kommuneforlagets barnehageserie. Ho er skriven med tanke på barnehagetilsette og tek for seg korleis ein kan læra barn å uttrykkje seg med rytme og musikk.

Forfattarane har ulike utgangspunkt, men alle har same målet for auge: å skape musikk- og danseglede hos barna. Eit kapittel omhandlar instrument – her kan ein lesa om klassiske rytmeinstrument som triangel og rytmeegg og læra om eksotiske variantar som djembe og claves. I kapittelet om danseglede skriv Unni Sørenbye Andersen om kvifor ein skal dansa i barnehagen; korleis dansen kan bidra til auka meistringskjensle og sosial kompetanse.

Boka er fylt med nyttige og praktiske tips, og ein nyttig aktivitetsoversikt gjer boka til eit godt hjelpemiddel for å lage gode og varierte musikalske samlingsstunder.

 

Powered by Labrador CMS