Juss + pedagogikk = sant

Korkje tittel eller omslag gir hint om kor aktuell, spennande og lettlest boka eigentleg er. Forfattarane tek for seg mellom anna tilpassa opplæring, farleg skuleveg, likestilling og digital mobbing.

Utdanningsrettslige emner
av Henning Jakhelln og Trond Welstad (red)
Cappelen Damm 2012
820 sider

Det var reint tilfeldig at eg fekk boka «Utdanningsrettslige emner» i hendene. Boka er ein murstein på over 800 sider, og korkje tittel eller omslag gir hint om kor aktuell, spennande og lettlest boka eigentleg er. Undertittelen, «Artikler med utvalgte tema fra skole- og utdanningsrettens område», var heller ikkje særleg opplysande i så måte. Men då eg bladde meg fram til den omfangsrike innhaldslista, skjøna eg at her var det ei lita gullgruve for alle med interesse for skule og utdanning. Her fann eg drøfting av mange spørsmålsstillingar eg har møtt i praksis som lærar, som lærarutdannar og rektor, og som fagorganisert.

Her er artiklar om tilpassa opplæring og retten til eit godt psykososialt miljø, om farleg skuleveg og digital mobbing, om språkopplæring, religion, burka og niqab i den offentlege skulen, om FN sin barnekonvensjon og menneskerettane, om likestilling, om karaktersystemet og altså om PISA, for å nemne noko. Redaktørane Henning Jakhelln og Trond Welstad har knytt til seg ei rekke dugelege forfattarar som har klart å gjere det juridiske fagstoff et forståeleg og tilgjengeleg for oss utan juridisk bakgrunn. Jus + ped = sant kan godt vere ei oppsummering av denne boka, på minst to måtar. For det fyrste viser artiklane korleis lovverket har ei grunnleggande pedagogisk forankring, for det andre er framstillingane gjort på ein god pedagogisk måte.

Artikkelen om PISA synleggjer denne framstillingsmåten. «PISA-undersøkelsene – en dreining av verdigrunnlaget i norsk skole uten lovhjemmel?» er tittelen på ein av artiklane i boka «Utdanningsrettslige emner». Henning Jakhelln og Trond Welstad stiller her spørsmål om den store merksemda om PISA-resultata i skulen kan føre til ei dreiing av tyngdepunktet i undervisninga mot dei få og «prestisjetunge» faga. Kan verknaden i så fall bli ei svekking av det breie verdigrunnlaget som skulen vår byggjer på? Opplæringslova byggjer på eit verdisyn om fagleg mangfald. Skulen skal gje historisk og kulturell forståing og forankring, innsikt i kulturelt mangfald, fremme demokrati og likestilling og utvikle den vitskaplege tenkemåten, og lova legg vekt på at elevane skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Denne faglege breidda som eit verdigrunnlag for skulen kjem utvitydig fram i lovgrunnlaget som gjeld for skulen. Dette krev at ressursfordelinga mellom dei ulike faga må vere rimeleg balansert, slik at ikkje enkelte fag vert prioritert på ein dårleg avpassa måte.

Vidare peikar Jakhelln og Welstad på at det er fare for at ei omlegging av innhaldet i skulen frå eit fagleg mangfald til eit snevrare fokus på dei faga som gjennom stadig testing blir særleg vektlagt, skjer gradvis og i det stille, utan prinsipiell drøfting og vedtak i dei kompetente organ, mellom anna i Stortinget.

Eg vil i tillegg trekke fram artikkelen om arbeidet med likestilling i skule og barnehage, forfatta av Helga Aune. Den har tittelen «Opplæringslovens og barnehagelovens formålsbestemmelser. Utdanning, likestilling og stereotype kjønnsroller.» Artikkelen gir både inspirasjon og kunnskap i arbeidet.

Det same kan seiast om dei andre artiklane i boka. Dei ulike forfattarane har klart å identifisere viktige arbeidsområde i utdanningsfeltet. Denne boka bør vere tilgjengeleg på lærarane sine kontorplassar og på rektor sitt kontor. I tillegg er boka relevant for skulefagansvarlege i kommunane, skulefagleg interesserte politikarar og pedagogikklærarar i lærarutdanninga. Boka vil òg kunne vere viktig for dei tillitsvalde i utdanningsorganisasjonane. Boka er med dette tilrådd på det varmaste!

 

Powered by Labrador CMS