Lettlest innføring om ulike syndromer
Forfattaren viser til at same barn kan ha fleire vanskar samstundes, og meiner at det kan vere greitt med faglitteratur som tar dette alvorleg.
Syndrombarn. Barn med ADHD, lærevansker, Aspergers, Tourettes, bipolare lidelser m.m.
av Martin L. Kutscher med bidrag frå Tony Attwood og Robert R. Wolff
Tell Forlag 2013
219 sider
Kutscher kjenner godt til praksisfeltet, og tar opp noko som kan være med og tåkelegge eit problem. At lærar fokuserer på barnet sine gode sider og kommunisere dette til foreldre er bra, men lærar må og kommunisere like tydeleg når barnet har vanskar. Boka poengterer det viktige i lærar si rolle, både med tanke på informasjon som kan belyse vanskane i ei utgreiing, og det å komme med tiltak som kan ha nytte for barnet. Foreldre og lærar er dei som ser borna mest og er derfor ekspertane på det enkelte barn.
Forfattaren råder til at Barkely sitt funksjonshemmingsperspektiv vert nytta, der lettare lærevanskar vert omtala som ein funksjonshemming i ein lære- og sosialiseringssituasjon. Eit råd som strir mot det at foreldre og lærar alltid skal sjå etter det barnet kan og rette fokus mot dette. Bakgrunnen er at om ein ikkje innser at for barnet er vansken, til dømes merksemdsvanske, ein reell funksjonshemming, vil det verte bagatellisert. Forfattaren meiner at vanskar ikkje kan ‘tiltakast vekk’ med nokre enkle tiltak ein kort periode, men oppmodar lærar til å innsjå at det å arbeide med barn med særskilte behov er krevjande. Ei erkjenning av dette vil gjere det lettare for barn, foreldre og lærar.
Dei ulike diagnosane er sette inn i ein praktisk samanheng – kva er kjernevansken og korleis vil den komme til uttrykk i ein praktisk samanheng? Kapittelet om Aspergers syndrom (AS) har fokus på kommunikasjon, det området som er så vanskeleg for denne gruppa. Dette er og det mest omfattande kapittelet, ført i pennen av autismespektereksperten Attwood. At vennskap er vanskeleg for denne gruppa er ikkje nytt, men det er sjeldan fagtekstar går så tydeleg og praktisk inn i temaet. Femtrinnsmodellen som ligg til grunn for å utvikle vennskap; interesse for den fysiske verda, ville leke, skaffe seg venner, finne kjæraste og halde oppe kjærasteforhald, blir følgt opp med forslag til kva ein konkret kan gjere for å klare dette. Men forfattaren underslår ikkje at dette er eit vanskeleg område, og meiner at vaksne med AS som opprettar kjærasteforhald, kan ha behov for samlivsrådgjeving.
Bipolar liding er den tilstanden som er minst kjent i skulekvardagen, og som ofte vert klassifisert som ADHD hos yngre born. Mange foreldre og lærarar har nok tenkt at noko ikkje stemmer når barnet etter utgreiinga har fått ein ADHD-diagnose. Det er særskilt humørsvingingane som vil være tydelege. I boka vert det omtala som ‘humørendringar som tar hjernen som gissel, både på opptur og nedtur’. Depresjonar kan til nød være forståelege, om enn så tunge og triste for både barnet og dei rundt. Men dei maniske periodane, med masse energi og null dømmekraft, kan være både uforståelege og skremmande når ein er tett på barnet. Svært ofte oppstår bipolar liding saman med Tourette eller ADHD, og for å forvanske det ytterlegare kan det være slik at barnet fungerer godt på skulen og tar ut alle åtferdsvanskane heime.
Kapittelet som omhandlar lærevanskar gir god informasjon om kva prosessar som er involvert i læring. Eit kapittel om auditive prosesseringsvanskar konkretiserer kva som ligg i denne typen lærevanskar. Skildringane av ulike element som er involvert i å forstå auditive stimuli er kortfatta og grundig. Her får ein forståing for at å høyre etter er sanneleg ein omfattande prosess. Sanseintegrasjon er kanskje ikkje heilt rett plassert når det vert omtala som lærevanske, men kan så absolutt være medverkande til å forstyrra læreprosessar og forbruke energi som skulle vore nytta til læring.
Angst og depresjon har fått litt plass, om enn svært kort. Dette er dei vanlegast psykiske lidingane blant barn og unge i norsk skule, noko som gjerne kunne vore poengtert meir.
Boka er tenkt lest av både fagpersonar og foreldre, teksten er lagt opp lettfatteleg og direkte. Det er ei tilgjengeleg fagbok, og med litt bakgrunnskunnskap gir den god informasjon. Kvart kapittel kan lesast for seg. Forslag til tiltak er få, og heller lagt opp til at ein prøver ut det som er foreslått her, enn å få lange lister med tiltak som er meir overveldande enn nyttige. Avslutningsvis tek forfattaren med ein quiz om eksekutive funksjonar og eit sjekkliste for åtferd, små drypp for å gjere boka praktisk nyttig. Boka er nok nyttigast for dei som ynskjer ei lettlest og kortfatta innføring i dei ulike tilstandane. Der eit tema fenger og ein kjenner behov for meir kunnskap, kan ein lett finne bøker som går grundigare inn i dette.