Venner med venger

Venner med venger
Av Erna Osland, illustrert av Inger Lise Belsvik
90 sider
Samlaget

På den avsides staden der Dina bur, er det ingen jamgamle jenter. Berre William, men han er redd jenter. Foreldra til Dina jobbar lange dagar, så ho har fleire timar for seg sjølv etter skolen.

Ein tilfeldig fugleobservasjon markerer starten på ei ny interesse for Dina. Ho slår opp i ei fuglebok for å finne ut kva slags fugl det kan vere. Ho vert gripen av dei vakre teikningane og sluker faktatekstene.

Historia om Dina, den gryande fugleinteressa hennar og etter kvart William, som får rista av seg den verste jenteskrekken, er både underhaldande og lærerik. Å skrive ei faktabok i prosaform er ein vanskeleg balansegang, men her har Erna Osland meistra linedansen til fulle. Boka er òg vakkert illustrert med Inger Lise Belsviks fargeglade, stiliserte fugleportrett.

 

Powered by Labrador CMS