Oppsplitting som pensjoniststrategi?

Oppsplitting no er feil strategi dersom målet er noko meir enn å etablere ein kanal for frustrasjon.

Mange pensjonistar er misnøgde med «lønnsreguleringa». Viss årets frontfagsprognose held seg, vil pensjonane auke, ikkje med 2,40 prosent, men med 1,65 prosent. Det er 0,85 prosentpoeng under prisprognosane (Lønnsvekst minus 0,75 pst).

Eg trur at verken innstrammingsivrige stortingspolitikarar, eller vi som åtvara den gongen, såg for oss at lønnsveksten, og dermed kjøpekrafta for pensjonistar, ville falle så kraftig. Men det var eit overveldande stortingsfleirtal som vedtok underreguleringa. Regjeringa har nyleg avvist å gjere endringar, utan protest frå opposisjonen.

Somme lærarpensjonistar vil bryte ut av Utdanningsforbundet/Unio og danne Lærernes pensjonistforbund. Det er ein dårleg idé. Oppsplitting no er feil strategi dersom målet er noko meir enn å etablere ein kanal for frustrasjon.

Det må vere betre å spele vidare på Utdanningsforbundet, og samtidig forsterke andre eksisterande pensjonistkanalar. Ein slik kanal er Landslaget for offentlege pensjonistar (LOP), som skal vareta interessene for pensjonistar frå offentleg sektor.

LOP har lenge hatt ein samarbeidsavtale med Unio, og dermed med Utdanningsforbundet. I kjølvatnet av dette har LOP fått eigen drøftingsrett.

Heller enn å opprette ein ny organisasjon, bør lærarpensjonistane engasjere seg gjennom LOP. Utdanningsforbundet bør etablere ein avtale om kollektiv innmelding/representasjon for sine pensjonistmedlemmer. Gjennom ein LOP-allianse vil lærarpensjonistane, som er ei stor gruppe, vere del av ein etablert og forsterka kanal. Dette kan kombinerast med aktivitet på fleire arenaer:

 

1. LOP får fleire medlemmer, blir meir representativ, og lærarpensjonistane vil vere den klart største gruppa blant LOP-medlemmene.

2. Utdanningsforbundet vidarefører og styrker sitt pensjonistengasjement, både i eigne rekker og gjennom Unio.

3. Unio og LOP fornyar og vidareutviklar den eksisterande samarbeidsavtalen.

4. UDF si pensjonistgruppe held fram, både som rådgjevande organ, og som fagleg møteplass.

Dette krev nokre organisatoriske grep, først og fremst eit raskt og målretta initiativ frå Utdanningsforbundet.

Som del av ein slik strategi bør LOP forbetre samarbeidet med den største organisasjonen, Pensjonistforbundet, om felles interesser. Samstundes er det nok slik at det finst ulike interesser blant pensjonistar, særleg når det gjeld profil og prioritering. Akkurat som for lønnstakarorganisasjonane.

 

  • Anders Folkestad er pensjonistmedlemmer i Utdanningsforbundet
Powered by Labrador CMS