Innfører ny rammeplan i SFO utan pengar
SFO får ny nasjonal rammeplan i haust. Men i framlegg til statsbudsjett er det ikkje sett av pengar til innføringa.
– Det er svært skuffande, seier Terje Wiik, som leier Nettverket for SFO.
– Eg trudde politikarane sine ambisjonar for SFO var i ferd med å ta seg opp. Vi har fått ei viktig evaluering, og vi har fått løfte om rammeplan, seier han.
I forslaget til statsbudsjett som vart lagt frem onsdag, legg regjeringa opp til å bruke 43,2 millionar kroner til tiltak for å kutte foreldrebetalinga til SFO for familiar med dårleg økonomi. Men det leggast ikkje pengar på bordet til innføringa av ny rammeplan.
Wiik fortel at han har fått kikke litt i korta til dei som arbeider med rammeplanen, som blir lagt ut til høyring i desember.
– Det er gjort grundig arbeid, og eg forventar ein god plan. Men føljer det ikkje pengar med innføringa vil likevel lite skje, seier han.
– Kvifor trengst det pengar for å få ungar til å leike?
– SFO er ein arena for vennskap og integrering. Da trengs det kvalitet. Kvalitet krev tilrettlagte lokale, nok tilsette og tilsette som veit kva dei driv med. Det er ikkje nok å berre møte på jobb, seier Terje Wiik.
Les også: Barnehage, skole og utdanning i statsbudsjettet: Her er de viktigste punktene
Ingen bemanningsnorm
Inger Marie Kleppe Georgstad er kontaktperson for grunnskole i Utdanningsforbundet Innlandet. Ho deler bekymringa til Wiik.
– SFO-tilsette er allereie fortvilte over alt dei ikkje får gjort. Får vi ein rammeplan for SFO som det ikkje følgjer pengar med vil frustrasjonen bli enda større, seier ho.
Georgstad vil gjerne ha ein god rammeplan for SFO, men meiner at betrer bemanning er ein forutsetnad for at planen skal bli ein arbeidsreiskap.
Ho viser til ei undersøking gjort før samanslåinga av fylka Oppland og Hedmark. Undersøkinga viser mellom anna hvordan Hamar kommune på få år gjekk frå å ha 10 barn per tilsett til å ha 15. Mange kommunar i gamle Hedmark hadde 18 barn per tilsett, dei fleste hadde ikkje bemanningsnorm i det heile.
– Det er som om barn med diagnose, dei mistar diagnosen når dei kjem på SFO. Støttetiltaka dei har hatt i skoletida fell bort når dei kjem på SFO, seier Georgstad.
Ho minner om at SFO har eit svært svakt lovverk til støtte og vern.
– Nå er ein vanskeleg kommueøkonomi fått store utgifter på grunn av korona på toppen av det heile. Det er heit urealistisk å tro at kommunane vil bruke meir pengar på SFO fordi ein rammeplan blir innført. Difor må det følgje pengar med planen.
Les også: Sp og SV mener regjeringen sultefôrer kommunene