KrFU ber KrF krevje kunnskapsministeren
Kunnskapsministeren blir skifta ut dersom KrFU får viljen sin, melder NRK. Her er postane ungdomspartiet vil at KrF forlanger for å gå inn i regjeringa.
Eit samla sentralstyre i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) ber moderpartiet krevje følgjande taburettar i forhandlingane om å gå inn i Erna Solberg si regjering:
- Utanriksministeren
- Kunnskaps- og integreringsministeren
- Barne-, familie- og likestillingsministeren
I dag er det tre av Høgre sine mest profilerte politikarar som sit på postane: Ine Eriksen Søreide er utanriksminister, Jan Tore Sanner er kunnskapsminister og Linda Hofstad Helleland er barne- og likestillingsminister.
På oppfordring frå NRK trekk KrFU-leiar Martine Tønnesen fram fleire personar ho meiner bør vurderast for ein posisjon i KrF sitt regjeringsapparat:
- Rebekka Ljosland (28), byråd for helse- og omsorg i Bergen
- Inger Lise Hansen (37), tidlegare nestleiar i KrF
- Ida Lindtveit (26), tidlegare KrFU-leiar og fylkestopp i nye Viken
- Bjørg Tørresdal (60), tidlegare stortingsrepresentant
- Dag Inge Ulstein (37), nyleg avgått sosialbyråd i Bergen
- Daniel Siraj (43), konsernsjef i OBOS og tidlegare aktiv i Oslo KrF
I tillegg kjem forhandlingsleiar Kjell Ingolf Ropstad (33). Ropstad er favoritt til å bli ny partileiar i KrF, og han er sjølvskriven som statsråd om forhandlingane med Solberg-regjeringa lukkast.
Les heile saka frå NRK her.
Les orgså: Kampen om departementet – KrF kan gå for kunnskapsministeren