Russebråket har starta
Politiet på Geilo har hatt ei travel helg. Over hundre russ frå Bergen kom til Geilo torsdag og har festa hardt gjennom heile helga.
Russen hadde leigd seg inn på hytter på Geilo, og politiet har køyrt frå hytte til hytte, seier operasjonsleiar Tov Thorsrud hos politiet i Nordre Buskerud til NRK. Politiet har avslutta festar og kravd at ungdommane held seg i ro.
Ein hytteeigar fann hytta heilt ramponert etter festinga. Vindauge var knuste, møbel øydelagt og det var søppel overalt, ifølgje politiet.