Departementet seier nei til to av tre nynorskkrav
Utdanningsforbundet og Mållaget har saman reist tre krav til Kunnskapsdepartementet for å sikre nynorskelevar digitale læremiddel. Eitt av krava blir innfridd.
I utspelet, som er signert av leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn og leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, krev dei to at Kunnskapsdepartementet opprettar ein eigen læremiddelportal med eit oversyn over digitale læremiddel som er produserte både på bokmål og nynorsk.
Til Utdanningsnytt svarar departementet at det vil bli laga ei oversikt over læremiddel som har fått tilskot, og til desse er det krav om at dei skal vere på båe målformer.
Men svara på dei to neste krava må tolkast som nei.
Dei to organisasjonane krev at dei som får pengar frå utviklingspotten til Kunnskapsdepartementet, også i framtida må utvikle læremiddelet på båe målformer.
Til det svarar departementet at tilskotet til digitale læremiddel skal gå over til tilskot som skoleeigar skal kjøpe digitale læremiddel for. Korleis mangfaldet skal sikrast i eit slikt system, veit ein ikkje ennå.
– Skoleeigar sitt ansvar
Vidare skriv Åsbrenn og Handal at kontorstøtteprogram som blir brukt i skolen, som tekstbehandlingsprogram, bør vere omfatta av dei same krava som læremidla.
Til dette svarar Kunnskapsdepartementet at kontorstøtteressurs er skoleeigar sitt ansvar. Det er skoleeigar som må vurdere dette.
I brevet der dei tre krava blir sette fram, viser dei to organisasjonane til at opplæringslova slår fast at alle læremiddel skal komme på nynorsk og bokmål til same pris og same tid. Skolane skal ikkje nytte læremiddel som ikkje er på båe språk.
Nå er tilgangen på digitale læremiddel stor, og norske lærarar kan velje mellom mange gode verktøy. Men mange av desse læremidla er berre tilgjengelege på bokmål. Skal nynorskelevane bli trygge språkbrukarar, må dei framleis bli omslutta av nynorsk i skolekvardagen og ha tilgang til læremiddel på nynorsk, heiter det i brevet.
På båe målformer til same tid
Dei to understrekar at det må vere lov for lærarar å bruke oppslagsverk og dagsaktuelt pressestoff utan at det blir råka av lova. Men når læremiddelprodusentane sjølv lagar og vil selje inn læremiddel til skolane, må produkta vere lovlege. Det krev at dei ligg føre både på nynorsk og bokmål.
«Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet må ta overordna ansvar for at nynorskelevane i den framtidige digitale skulekvardagen skal ha den same retten til god opplæring på sitt hovudmål som bokmålselevane har», heiter det i brevet frå Utdanningsforbundet og Noregs Mållag.