Det rette spørsmålet
Kvifor er det så vanskeleg å få stilt dei rette spørsmåla i vår tid?
Dette har eg undra meg over mange gonger når eg blir vitne til TV-debattar som flisar opp saker og jagar rundt etter delperspektiv så ein sit der mindre klok etter debatten enn ein var før ein kasta bort denne tida. For ingen verkar å vera interessert i å klargjera kva det sentrale kan vera for dei saka gjeld.
I utalege skuledebattar til denne dag, er det ingen som har stilt spørsmålet om kven denne skulen er laga for slik han ser ut i dag, trass i at alle kan sjå at han ikkje klarer å møta 6-åringane, 9-åringane, 12-åringane og 15-åringane på ein slik måte at han får fat i evner og anlegg, interesser og motivasjon som rekk til utvikling og velvære for ungane. Ikkje eingong når opp til tretti prosent av elevane fell frå i vidaregåande skule klarer dei å stille spørsmålet om kva som førte 6-åringen til ei slik avmelding frå vegen til yrke og samfunn i 15-16 års alder.
Som ein forvirra hønseflokk jagast her rundt i dei merkelegaste forklaringar, dei fleste med problemfokus på kva som er gale med ungane og ungdomane. Med handa på hjarta kan eg seia at eg aldri har møtt ein unge som ikkje kan tennast om ein møter dei der dei er. I vidaregåande skule møtte eg dei avmelde og vonlause i hopetal. Ofte måtte eg brukar 75 prosent av energien min til å få dei utpå og i rørsle igjen, og 25 prosent til fagleg lærdom. Dei største opplevingane mine som lærar hadde eg når eg lukkast med å få dei avmelde til å bli med igjen.
Og dette problemet gjeld mange område for offentleg debatt. Dei siste åra har mange debattar dreia seg om det fine med sentralisering og den forunderlege motstanden blant folk som blir utsett for dette fenomenet. Mantraet frå dei styrande er ’stort og større er bra, lokalt og lite er dårleg’. Når dette er bestemt, så gjeld det å finna argument for at det er slik.
Det kan vera økonomiske argument, faglege argument, og kva som helst som ein trur passar til ærendet. Problemet er berre at folk som blir utsett for denne omseggripande sentraliseringstankegangen veit kor lange avstandane kan vera ute i distrikta for å få helsehjelp eller tak i politi, og kor lange skulereisene kan verta. Difor er dei så gjenstridige med å stilla spørsmål om kva som kan betra tilhøva der dei høyrer til på ein måte som verkeleg blir til det betre. Så ulikearta som landet vårt er, trengs det mange svar på kva som kan organiserast betre for dei som bur der i bygd, tettstad og by.
I eit lite land som Norge, burde ein klara å stilla dei rette spørsmåla og finna gyldige svar.
Langt verre kunne det ha blitt om vi var underlagt fjerne byråkrati i eit EU-system.
Kor ille det kan gå når dei sentrale spørsmåla for folk sine liv og deira ve og vel blir undertrykt og forsømt, ser vi i dei blinde protestane som har bringa Trump til makta i USA.