Bekymra for kutt i samarbeid i nye Vestland fylke
Starten for det nye fylket Vestland er også slutten på eit 15 år gammalt samarbeid om utdanning i Sogn og Fjordane. Det uroar fylkeslagsleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli.
Steinar Strømsli, som er leiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, er uroleg, fordi samarbeidet mellom Fylkesmannen, KS, fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og Utdanningsforbundet ikkje blir ført vidare i det nye fylket.
– Forum for skule- og barnehageutvikling har vore eit viktig samarbeidsforum for partane innan oppvekst. Samarbeidspartnarane har vore likeverdige, og Fylkesmannen har hatt ei sentral rolle som koordinator, seier Strømsli til Utdanningsnytt.
Semje om statlege midlar
Han meiner forum har vore viktig for å skape ein god utvikling innanfor utdanning i Sogn og Fjordane.
– Sogn og Fjordane er blitt trekt fram og vist til av både forskarar og politikarar.
– Kva har samarbeidet gått ut på?
– Vi er heilt avhengige av fylkesmannen sine tildelingar av statlege midlar for å få til gode prosessar i kommunane og på den enkelte skule og barnehage. I samarbeidsforumet har partane klart å skreddarsy dei statlege midlane for eit best mogleg utviklingsarbeid og kompetanseheving, seier Strømsli, og held fram:
– Det er skapt semje og forståing for korleis desse milda bør bli brukt. Vi har klart å bli einige om kven som må stå i kø og vente medan andre må få vere først. Dette har vi fått til mellom anna fordi det er utvikla gode rutinar for samarbeidet, med formøte og årsjul, seier han.
Trekkjer seg ut
Strømsli tar leiarkonferansen, som er blitt ei storhending for leiarar i alle utdanningsslag, som døme på meir konkrete tiltak som er eit resultat av samarbeidet.
– Leiarkonferansen fleire hundre kvart år. Samlingane har vore svært viktige for utviklinga av utdanningssektoren, seier han.
Men nå ønsker ikkje lenger direktøren for Utdanning hos Fylkesmannen i det nye fylket Vestland, Anne Hjermann, å halde fram med samarbeidet.
– Da vi slo oss saman, var det ikkje sjølvsagt at vi skulle vidareføre fylkesmannens deltaking i alle strukturar som dei tidlegare fylkesmennene hadde vore med i. Nokre av dei gamle praksisane blir runda av, seier Hjermann.
Ho kaller funksjonen fylkesmannen har hatt i Forum for skule- og barnehageutvikling for ein sekretariatsfunksjon.
Forumet skal fortsette så langt eg veit, men vi skal ikkje vere med. Hordaland var delt inn i seks kommunale regionar, der skal vi heller ikkje delta. Kompetanseordninga har fått ny struktur. Det er ikkje fylkesmannen som sit på midla, seier Hjermann.
I samarbeid skal dei ulike aktørane innan skule og barnehage, til dømes universitets- og høgskulesektoren, skuleeigarar, fylkeskommunen, KS og Utdanningsforbundet komme fram til korleis midla skal fordelast.
– Tidlegare har prosessane vore veldig konstruktive, det rekner eg med at dei kjem til å bli i framtida også. Dette er ei langsiktig ordning, der aktørane saman vurderer og analyserer korleis dei skal fordele midlane. Fylkesmannen sitter på kompetansemidlene, men det er fylkesforum som tar stilling til fordeling. Bare ved usemje tek Fylkesmannen ei endelig avgjørelse. Når det gjelder deltakelse i Fylkesforum er vi i dag ikke fast deltakende, men vil delta etter invitasjon i aktuelle saker eller tema, sier Anne K. Hjermann.
– Nøkkelrolle
Steinar Strømsli meiner på si side at fylkesmannen har hatt ein nøkkelfunksjon som koordinator i forumet.
– Dessutan er jo oppgåva til fylkesmannen å sjå til at dei statlege midlane blir brukt etter intensjonen. Da er det merkeleg at dei ikkje lenger vil ta del i dette arbeidet, som gir dei eit svært godt høve til nettopp det, sier Strømsli.
– Har det vore interesse frå dei andre partane i det gamle Hordaland i å starte eit slikt samarbeid i Vestland?
– Sidan fylkesdirektøren har sagt så tydeleg at det ikkje blir noe forum har vi ikkje undersøkt det så grundig. Men vi ser at både i Innlandet og i Trøndelag startar dei opp med forum som har fellestrekk med det samarbeidsforumet som vi hadde i Sogn og Fjordane, seier Steinar Strømsli.