«Kva er feil med ungane? For dei passar visst ikkje inn i skule og samfunn slik dei er»
No er det gutane som er problemfokusert, fordi dei er seinare utvikla enn jenter.
Og lenge har det vore alle desse ungane som ikkje klarer å sitja i ro og konsentrera seg i skulen sin teorifikserte, tvangsforma modell. Alle desse som i vår tid blir diagnostisert og medisinert til ro og kontroll.
I mi oppveksttid på 1950- og 60-talet møtte eg ingen slike ungar i dei klassar eg gjekk. Utan diagnose og medisin måtte me møta det vaksne livet som den gong var. Børa skulen la på oss var å bli til gagns menneskje.
Så kvifor jaktar samfunn og foreldre på feil med ungane i staden for å spørja om det kanskje er omgjevnadene det er noko feil med som ikkje kan gjeva ungar rom for å vera? For her skal dei formast til krav, press og forventing bygd på snevre kunnskapsmål – i ein modell som ikkje evnar å sjå og møta born og unge slik dei er på ein truverdig og verdsetjande måte.
Om ein ser og gjev plass til ein unge for dei evner og anlegg han/ho har, så er vel det, no som før, den beste måte å få fat i interesse og konsentrasjon som kan rekka til litt av kvart. Trur ikkje du og det, om du tenkjer etter kva som har opna din veg for deg?
I 27 år har eg stilt spørsmål som dette og om kven skulen er laga for slik han er i dag, for dauve øyre og oftast stengde spalter, alt medan fråfallet i skulen vaks til nærare 30 prosent av dei unge i vidaregåande skule.
Enno rekk ikkje fantasien hos dei styrande lenger enn til å gjera ungane til problem.