– Vi kan gå sjølv
I oktober sat Arbeidarpartiet og Senterpartiet på det flotte hotellet ved Hurdalsjøen, som faktisk er eigd av Utdanningsforbundet, og la planar for dei neste fire åra. Kva kom ut av arbeidet, og kva kan vi forvente av endringar og betringar når det gjeld vidaregåande opplæring?
I Hurdalsplattforma, som dokumentet til regjeringa har vorte heitande, skriv dei at vidaregåande skule er grunnlaget for arbeid og utdanning. Vidare slår dei fast at alle elevar skal få faglege utfordringar og den oppfølginga dei treng for å lære godt og gjennomføre vidaregåande glyma. Det er openbert gode nyheiter for oss. Men samstundes det dei på engelsk kallar ein «tall order». Det er jo akkurat oppfølginga som tek tid for oss lærarar, og som mange ikkje kjenner dei får moglegheit til alltid. Og det er òg oppfølginga som krev ressursar.
Det er klårt, meiner eg, at om Noreg skal få til å byggje ein moderne velferdsstat, treng vi fleire fagarbeidarar. Vi burde ha føresetnaden for å ha ein industri i verdstoppen. Trass ei satsing på yrkesfaga frå den førre regjeringa får framleis mange ikkje læreplass, og for få elevar gjennomfører med fag- eller sveinebrev. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fortel at det vil komme 113,5 friske millionar til satsinga på yrkesfag. Det er ein start.
Les også: Yrkesfag er allmenndannelse
Det er bra at det er signal frå den nye regjeringa om å styrkje satsinga på yrkesfaga. Men eg liker ikkje omgrepet «lyft» som dei bruker i fråsegna. Det er eit pasifiserande omgrep, og eg trur mange lærarar er leie av å bli løfta. Det er betre om vi får moglegheit til å vise at vi kan gå sjølv. Etter år med «profesjonalisering ovanifrå» er det på tide at vi blir spurde og tatt med på råd, i mykje større grad enn slik stoda har vore dei siste åra. Difor meiner eg òg at ideen om å etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag må diskuterast med både lærarorganisasjonane og med yrkeslivet. Er det andre, meir skulenære tiltak som kan setjast i verk?
Men, som eg har skrive før, er det bra og naudsynt at regjeringa byrjar med å styrkje praktisk læring i grunnskulen. Det trur eg vil gjere at elevane ikkje er så skuletrøytte når dei skal byrje på vidaregåande. Praktiske og estetiske fag, idrett, friluftsliv og andre fag bidrar til at fleire elevar får arenaer der dei kan kjenne meistring. Den meistringa trur eg dei kan ta med seg inn i dei andre skulefaga, og gjere dei meir motiverte for til dømes matematikk og norsk. Fleire motiverte elevar vil føre til at vi kan få til betre yrkesfagopplæring i skulen, og at fleire bedrifter vil ta imot lærlingar.
Om vi skal få til betre oppfølging av ungdommane i overgangen frå skule til læretid, må vi i alle fall gjere noko med praktiseringa av YFF, yrkesfagleg fordjuping. Om fylka held fram med å bruke YFF som ein måte å spare pengar på, vil ikkje regjeringa nå målet om at yrkesfagelevar og arbeidsgivarar skal finne kvarandre og ha nytte av kvarandre. Slik det er no, er det ikkje bra nok, korkje for elevar, arbeidsgivarar eller lærarar.
Målsetjinga om ein garanti for læreplass har regjeringa gått bort frå. Det meiner eg er bra. Målet er at alle skal kunne ta det å få ein læreplass for gitt om dei er kvalifiserte til det, seier Tonje Brenna til Aftenposten. Eg har aldri likt desse garantiane som Arbeidarpartiet har snakka om. Akkurat som tilpassa undervisning nesten er umogeleg å få til i store klassar, er garantiar umogelege å stille utan at ein set ned krava. Mange lærarar eg snakkar med, er bekymra for at den faglege standarden blir senka når det er eit stort press om at alle elevar skal få bestått uansett. Difor er det bra at Brenna peikar på at elevane skal vere sikra ein læreplass når dei er kvalifiserte til det, ikkje før.
Der er òg skikkeleg bra at regjeringa vil satse på seriøse vilkår i arbeidslivet. Det er fånyttes å overtale elevar til å velje yrkesfag samstundes som vi veit at det er harde kår for arbeidarar i mange bransjar der ute. Når dei no signaliserer at dei vil ha strengare krav til seriøsitet og bruk av lærlingar ved offentlege innkjøp og anbod, er det også bra for rekrutteringa til yrkesfaga. Det trengst også ei opprydjing i bemanningsbransjen.
Både arbeidstid, lønn og kompetanse bør snarast den nye regjeringa innfri forventingar på, men det viktigaste nett no er lønn.
I politikkdokumentet til Utdanningsforbundet, Vi utdannar Noreg, står det at lærarane alltid har vore ei sentral yrkesgruppe i norsk samfunnsliv, og har spelt og speler ei aktiv rolle for å sikre og vidareutvikle velferdsstaten og fellesverdiane i samfunnet. Arbeidet vårt for å sikre elevar god utdanning, og yrkeslivet gode arbeidstakarar, er viktig. Framtida blir bygd gjennom god utdanning. No er det opp til den nye regjeringa å vise at dei kan gjennomføre politikken. Og så har eg forventing om at regjeringa skal gjere noko aktivt for å betre situasjonen til lærarane. Både arbeidstid, lønn og kompetanse bør snarast den nye regjeringa innfri forventingar på, men det viktigaste nett no er lønn.