Statped får behalde 40 millionar
Regjeringa vil stoppe kutt i løyvingane til den statlege spesialpedagogiske tenesta Statped
– Nå må Statped få ro, seier Elise Waagen, Arbeidarpartiet. Ho er andre nestleiar i Utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget.
Bakgrunnen for dei 40 millionane regjeringa ikkje vil kutte ligg i eit vedtak frå Solberg-regjeringa. Det gjekk ut på å kutte overføringane til Statped med til saman 160 til saman millionar i kvotar over fem år.
Ifølgje denne planen skulle siste kuttet kome i 2024. Nå blir i staden overføringane i fjor lik overføringane for i år.
Kompetanse tettare på
– Intensjonen med denne nedtrappinga var å styrke det spesialpedagogiske arbeidet i kommunar og fylkeskommunar ved å få meir kompetanse tett på brukarane. Støttar ikkje sittande regjering denne ambisjonen?
– Intensjonen har full støtte. Men balansen mellom Statped og dei lokale tiltaka er skjør. Skal vi halde den balansen må vi klare å ha to tankar i hovudet på ein gong. Nå har vi fått meldingar frå brukarorganisasjonar og foreldre som tyder at vi ikkje kan halde fram med å byggje ned Statped utan at det går ut over det lokale tilbodet, seier Elise Waagen.
Læremateriell
I tillegg til å droppe kuttet på 40 millionar vil regjeringa gi Statped 10 millionar til å arbeide ut lærematriell for blinde, svaksynte og tegnspråkbrukarar.
– Desse millionane trengst til å oppdatere lærematriellet for desse gruppene til dei nye læreplanane, seier Elise Waagen.
Les også: Kommunene får mer ansvar for barn som trenger spesialpedagogisk hjelp