Heidi Grande Røys er barnehagestyrar og tidlegare rikspolitikar. Bildet er fra 2013.
Foto. Jørgen Braastad/NTB
Meiner kunnskapsministeren hånar barnehagelærarane
– Melby tryner inn og diskrediterer barnehagelærararane. Istaden burde ho undersøkt korleis vi arbeider med språk i barnehagane, seier Heidi Grande Røys.
Ho er styrar i Havreneset barnehage i Kinn kommune og kallar framlegget til ny barnehagelov frå kunnskapsminister Guri Melby for ein hån mot barnehagelærarane.
Røys var sjølv i rikspolitikken frå 2001 til 2009, som stortingsrepresentant for SV og statsråd i Stoltenberg ll-regjeringa.
Les også: Studenter samler underskrifter mot ny barnehagelov
I 2011 leia ho referansegruppa til det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet som skulle vurdere bruk av språkkartleggingsverktøy i norske barnehagar.
– Utvalet slo fast at ingen kartleggingsverktøy var universalverktøy. Dei kunne i beste fall berre brukast som tilleggshjelp i særskilde tilfelle. Utvalet tilrådde i staden at språkarbeidet skulle byggjast på det som alt var barnehagane sin praksis, og som vi har nytta og vidareutvikla i dei ti åra som er gått, seier ho.
Eitt stikkord for denne praksisen meiner ho kan vere å snakke som ein foss heile dagen og vere tørr i munnen når ein går heim.
Les også: Vurderingsplikt i barnehagen hjelper ikke de tospråklige barna
Bemanningsnorm
– Legg til at vi dei siste åra har fått bemanningsnorm i barnehagane, og at mange kommunar har innført to pedagogar på avdelingane. Ta samstundes med det den siste utgåva av Rammeplan for barnehagen seier om overgangen skole-barnehage. Da blir denne mistrua mot barnehagelærarane grunnlaus, seier Heidi Grande Røys.
– I lovforslaget står det at barnehagelærerne skal vurdere barnas norskkunnskapar. Det er vel ikkje det same som å kartlegge?
– Det blir det, når statsråden vil ha kartleggingsverktøy for denne vurderinga, sier hun, og fortsetter:
– Faren er at arbeidet med denne kartlegginga vil stele tid frå det gode faglege språkarbeidet som blir gjort i barnehagane, avsluttar Heidi Grande Røys.
Tidlig innsats
Høgre-politikar Mathilde Tybring-Gjedde er ein av dei som forsvarar lovforslaget.
Til Utdanningsnytt har ho forklart at plikta til å vurdere norskkunnskapane til alle barn før skolestart er ein del av regjeringas satsing på tidleg innsats.
– Vi vil sikre at alle barn gjennomgår ei språkvurdering før skolestart, også dei barna som ikkje går i barnehagen, sa Tybring-Gjedde i eit intervju i fjor.
– Dei fleste barnehagelærarane er gode til å drive med språktrening og språkutvikling, og mange har allereie rutinar for å vurdere alle barnas norskkunnskapar. Samtidig rapporterer mange skolar om at dei tek imot seksåringar med svake evner i norsk, som har behov for ekstra oppfølging. Målet med vurderingsplikta er å fange opp dei barna som kan trenge ekstra oppfølging.
Høyringsfristen for lovforslaget er 26. februar.