«Språkløyper er ikkje ferdige opplegg, men støtte til lokale prosessar»

I barnehage er lesing og samtale viktig for barns språkutvikling, og i Språkløyper vert det derfor lagt opp til at personalet i samarbeid skal arbeide med å vurdere ulike måtar å lese på.

I Utdanning nr. 9 / 2017 uttrykker Margareth Sandvik, professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, skepsis til «ferdige pakker og programmer som brukes likt på alle barn,» i ein kommentar til regjeringas språkkommunesatsing. Dette er ein skepsis vi på Lesesenteret i prinsippet er einige i. Derfor er heller ikkje innhaldet i Språkløyper eller tilbodet som blir gitt til språkkommunane ferdigsnekra opplegg eller «universalpakker».

Eit sentralt tiltak i Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019 er kompetanseutviklingspakkar utarbeida av Lesesenteret og Skrivesenteret, i samarbeid med andre nasjonale senter og kompetansemiljø. Målgruppe for pakkane er personale i barnehagar og skular som ønsker å utforske og vidareutvikle eigen praksis med språk, lesing og skriving.

Dei nettbaserte ressursane er bygd opp rundt fagstoff, spørsmål til refleksjon og oppgåver til utprøving i eigen praksis, der det er drøfting, utforsking og erfaringsutveksling som er dei bærande elementa. Med utgangspunkt i forskingsbaserte og praksisnære kompetanseutviklingspakkar ønsker Språkløyper å bidra til at ein kan vidareutvikle praksis i eit lærande fellesskap.

Sandvik sin kommentar rettar seg spesielt mot barnehage. I barnehage er lesing og samtale viktig for barns språkutvikling, og i Språkløyper vert det derfor lagt opp til at personalet i samarbeid skal arbeide med å vurdere ulike måtar å lese på, slik at ein kan tilpasse leseaktivitetar til både barnegruppa og det einskilde barnet.

Målet er å bidra til kompetanseutvikling som kan styrke det gode arbeidet som blir gjort med ulike leseaktivitetar i kvardagen. Språkløyper er altså ikkje ferdige opplegg, men støtte til lokale lærings- og utviklingsprosessar.

 

  • Unni Fuglestad, universitetslektor ved Lesesenteret/Universitetet i Stavanger og prosjektleiar for Språkløyper
Powered by Labrador CMS