Regjeringa vil sette av 800 millionar for at fleire skal fullføre vidaregåande skole
300 millionar skal gå til dei som har brukt opp retten sin.
– Vi veit at mange uten fagbrev eller vitnemål slit med å få seg jobb. Derfor foreslår vi nå å bruke 800 millionar kroner som skal gå til konkrete tiltak for å gjere vidaregåande betre tilpassa den enkelte eleven slik at fleire består og fullfører, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å vidareføre eit tilskot på 304 millionar for at fleire utan lovfesta rett til opplæringa skal kunne fullføre vidaregåande opplæring.
Tilskotet legg til rette for å utvide retten til vidaregåande opplæring frå 2023, som foreslått i høyringsnotatet om ny opplæringslov.
Ni av ti skal fullføre
Tidlegare i år la regjeringa fram fullføringsreforma, den mest omfattande reforma av vidaregåande skole sidan 1990-talet. Den tar sikte på at ni av ti elevar skal fullføre vidaregåande opplæring.
I dag er det rundt ein av fem elevar som starter i vidaregåande som ikkje lykkast med å fullføre opplæringa i løpet av fem år.
Les også: Erna Solberg ber Støre bevare fullføringsreformen i skolen
Trappar opp fleire tilskot
Regjeringa foreslår òg 80 millionar kroner for å legge til rette for meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring.
I statsbudsjettet for 2021 blei det etablert eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, tilbod om å ta eit fagbrev. Budsjettforslaget for 2022 inneber at tilskotet blir trappa opp til 111,8 millionar kroner. Tilskotet legg til rette for å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering frå 2023, i samband med ny opplæringslov.
Fullføringsreforma varslar at dei som ikkje får læreplass, skal få eit betre tilbod om å fullføre med fag- eller sveinebrev enn i dag. Tilskotet som legg til rette for eit betra tilbod, blir trappa opp til 256,5 mill. kroner i 2022.
– Regjeringa gir med dette eit tydeleg signal til alle om at det offentlege skal leggje til rette for at alle skal kunne fullføre og bestå vidaregående opplæring, seier Guri Melby i pressemeldinga.