Her er forslaga til statsbudsjettet frå Kunnskapsdepartementet

Her har vi samla alle forslaga frå Kunnskapsdepartementet til statsbudsjettet.

Publisert

Realfag

Regjeringa føreslår å bruke over 100 millionar kroner på nye tiltak mot realfagsproblemet i skolen.

– For mange elevar lærer ikkje det mest grunnleggande i matematikk og naturfag. Derfor føreslår regjeringa ein ekstra time i naturfag på barnetrinnet og målretta tiltak for å styrke opplæringa i realfag, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ifølgje kd.dep.no.

Det blir opp til kommunane å avgjere om den ekstra timen i naturfag i veka skal leggjast til 5., 6., eller 7. trinn.

Prislappen er på 80 millionar kroner i 2016, og 190 millionar kronar frå 2017.

I tillegg skal arbeidet med realfag styrkast med 20 millionar kroner. Regjeringa vil bruke pengane til å utvide ordninga med realfagskommunar, å styrke tilbodet til elevar som presterer på høgt nivå og tiltak for betre læring for dei som slit i faget.

 

Lese- og skrivetiltak

Regjeringa vil betre språk-, lese- og skriveopplæringa i barnehagar og i grunnskolen. Det er sett av 20 millionar til å styrke kompetansen til  lærarar og barnehagetilsette.

Satsinga skal særleg ta omsyn til gutar, minoritetsspråklege barn, elevar som har lese- og skrivevanskar og høgt presterande elevar.

 

Vidareutdanning for lærarar

Regjeringa fortset satsinga på å gi lærarar etter- og vidareutdanning. Det betyr at det blir lagt opp til 5050 plasser til vidareutdanning for lærarar også i 2016, og stipend- og vikarordninga skal vidareførast.

Dette inneber ein budsjettauke på 148  millionar kroner i 2016.

 

Universitet og høgskolar

Strukturreforma er i full gang, og fleire universitet og høgskolar har allereie vedtatt å slå seg saman. Regjeringa føreslår no å løyve 175 millionar kroner til strukturarbeidet og samanslåingsprosessane. Dette er 100 millionar kroner meir enn i 2015.

– Forsking og arbeidstakarar med høg kompetanse er ein føresetnad for ei vellukka omstilling, og derfor prioriterer vi ein auke på 104 millionar kroner i 2016. Dette gir/går til 288 nye rekrutteringsstillingar, seier Røe Isaksen.

125 av desse følger opp Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Realfag, teknologiske og maritime fag og sjukepleie blir priortert. I tillegg kjem 113  stillingar som er ein del av sysselsettingspakken til regjeringa. Desse stillingane blir fasa ut etter ein periode.

Regjeringa føreslår 50 rekrutteringsstillingar til innføring av femårig lærarutdanning, der halvparten blir fasa ut etter ein periode.

Regjeringa føreslår å løyve 38,3 millionar kroner til 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Det skal gi ingeniørar og andre med realfagskompetanse ein veg inn i læraryrket.

Regjeringa legg òg vekt på å betre helsetenestene og tilgangen på helsepersonell og vil løyve midlar til 25 nye studieplassar i psykologi og 30 nye plassar i medisin. 

 

Yrkesfag

Regjeringa føreslår å styrke satsinga på yrkesfag med 93 millionar. Det skal mellom anna gå til å auke tilskotet verksemder får for å ha lærlingar, og til fagleg påfyll til yrkesfaglærarar.

Regjeringa føreslår å auke lærlingtilskotet med 50 millionar kroner. Det er ein auke på om lag 2500 kroner per lærling.

– Dette er arbeidskraft Noreg treng. Det at elevar ikkje får læreplass, er ei av dei viktigaste årsakene til at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Målet vårt er å skaffe fleire læreplassar, slik at fleire gjennomfører opplæringsløpet, seier kunnskapsministeren.

 

Forsking og utvikling (FoU)

Regjeringa aukar løyvingane til FoU med 2,1 milliardar kroner i 2016. Av auken føreslår regjeringa å følge opp Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med om lag 760 millionar kroner.

– I usikre økonomiske tider er det å investere i forsking og utvikling noko av det smartaste vi kan gjere, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Dei auka FoU-løyvingane inneber ein realvekst på 4,1 prosent samanlikna med i fjor. I budsjettforslaget for 2016 er den offentlege finansieringa av forsking og utvikling førebels anslått til å vere om lag 32,5 milliardar kroner.

 

Studentbustader

Regjeringa vil gi tilsegn om tilskot til 2200 studentbustader neste år og foreslår å auke løyvinga til studentbustader med om lag 300 millionar kroner i 2016.

Samstundes vil regjeringa auke studiestøtta med 3,1 prosent, til 10.408 kroner per månad, medan forventa prisvekst er på 2,5 prosent.

Regjeringa føreslår også å auke eigebetalinga til studentar ved heimreiser med 500 kroner.

 

Barnehagane

I 2016 føreslår regjeringa å bruke 440 millionar kroner for å styrke kvaliteten i barnehagane. Det er 160 millionar kroner meir enn i 2015. 

Regjeringa vil gi fleire assistentar som allereie jobbar i barnehagen høve til å ta eit fagbrev eller barnehagelærarutdanning. I tillegg føreslår regjeringa tiltak for å heve kompetansen til alle tilsette i barnehagen, som for eksempel leiarutdanning for styrarar.

Regjeringa føreslår å løyve 180 millionar kroner for å fjerne skilnaden i finansieringa mellom private og kommunale barnehagar. Tilskotet til private barnehagar blir auka frå 98 til 100 prosent av det dei kommunale barnehagane får. Det gjer at dei private barnehagane får like mykje offentleg stønad som dei kommunale barnehagane.

Regjeringa ønsker at fleire barn frå familiar med låg inntekt og med minoritetsspråkleg bakgrunn skal gå i barnehagen. Regjeringa føreslår derfor å løyve 10 millionar kroner slik at kommunane kan informere familiane systematisk og målretta.

Powered by Labrador CMS