Steffen Handal og Unio meiner at de med høgare utdanning bli prioritert i dette oppgjeret. Foto: Jørgen Jelstad

Innspurt for lønnsforhandlingane i kveld

Ved midnatt går fristen ut for partane som forhandlar løn for dei 135.000 kommunetilsette Unio-medlemmane.

Publisert

Blir ikkje partane einige innan fristen går oppgjeret til mekling.

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal er forhandlingsleiar for Unio. Da forhandlingane starta 11.april sa Handal at for å unngå lærarkrise og sjukepleiarkrise må dei med høgare utdanning bli prioritert i dette oppgjeret.

Han viste til at det i dag er 11.450 tilsette i lærarstillingar i grunnskolen og 4200 i barnehagen som ikkje oppfyller kravet om utdanning.

KS trekte i sitt første krav i forhandlingane fram at utfordringa med å sikre kvalifisert høgt utdanna arbeidskraft er størst innanfor helsesektoren.

Halvparten av stillingane i kommunane krev i dag høgare utdanning, ifølgje KS.

Powered by Labrador CMS