Forhandlingsleiarane Steffen Handal (Unio kommune) og Tor Arne Gangsø (KS) ved starten på lønnsoppgjeret 11. april. Foto: Jørgen Jelstad
KS-oppgjeret: – Resultatet av meklinga i år kjem neste år
Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal forventar at resultatet av meklinga ved lønnsforhandlingane i år skal gi resultat ved lønnsforhandlingane neste år.
Meklinga etter at Unio braut med KS natt til 1. mai i år, gav ikkje til eitt øre meir i oppgjeret. Det er klart etter at det i går vart semje i meklinga mellom Unio og arbeidsgivarorganisasjonen KS.
– Er det slik at opphentinga av etterslepet i lønn for dei lengst utdanna lærarane skal starte neste år?
– Det viktige utbyttet av dette oppgjeret er avtalane vi har fått inn mot oppgjeret i 2020. Når arbeidsgivar har forplikta seg på dette viset, tar eg det på alvor, seier Steffen Handal til Utdanning.
Han viser til at KS og Unio skal gjere ein analyse av lønnsutviklinga for undervisningspersonale frå 2004 og fram til 2019. Slik vil ein rydde bort usemja om denne utviklinga. Eit anna utval skal foreslå tarifftiltak som kan bidra til å rekruttere og behalde lærarar.
– Desse utvala kjem etter viktige innrømmingar frå KS si side, understrekar Steffen Handal.
Les også: Reaksjonar på tariffoppgjeret: – Mykje skrik og lite ull
Lokale forhandlingar neste år
Samstundes har Unio nå akseptert at ein tredel av den summen som blir resultatet av sentrale forhandlingar i 2020, skal forhandlast lokalt.
– Kvifor gjekk de med på å setje av ein såpass stor del, når det er til dels sterk skepsis til lokale forhandlingar i delar av Utdanningsforbundet?
– Unio stilte ikkje krav om lokale forhandlingar. Men dette punktet var alt på plass i avtalen som LO og YS hadde inngått, så vi kom ikkje unna, seier Handal, og held fram:
– Det viktige her er at vi har fått inn i avtalen at ved desse forhandlingane skal undervisningspersonell som minimum ha det ein pro rata-fordeling tilseier, understrekar han.
– Rett sinnet mot arbeidsgivar
– Kva seier du til dei som nå er sinte og skuffa over meklingsresultatet?
– At eg forstår det. Vi har ikkje fått eitt øyre meir. Men rett det sinnet mot arbeidsgivar.
– Sidan YS og LO hadde akseptert tilbodet frå KS, var det svært lite sannsynleg at Unio skulle få meir pengar ut av eit brot. Kvifor braut de likevel?
– For å få protokollteksten med dei avtalane inn mot 2020 som vi nå har fått. Og for å markere at tilbodet var uakseptabelt.
Samanliknar eple og pærer
– Kvifor er KS og Unio ueinige om lønsutviklinga for lærarane?
– Vi er ikkje ueinige om tala. Dei offisielle tala er henta frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Men KS ser også på reell lønsutvikling for identiske personar innanfor lærargruppa. Så samanliknar dei dette med grupper der dei ikkje identifiserer personar. Vi meiner dette blir som å samanlikne eple og pærer. I meklinga blei vi einige om å gå igjennom talmaterialet og gi ein analyse av lønnsveksten for lærarane sett opp mot lønnsveksten for andre kommunetilsette, seier Steffen Handal.
Aksepterer lokale forhandlingar
Årsmøtet i Utdanningsforbundet Finnmark sa i ein resolusjon under årsmøtet 7. til 9. mai i år at lokal lønnsdanning trugar den solidariske lønnspolitikken, og at dei siste rapportane viser at medlemsgruppene i Utdanningsforbundet taper i lokale lønnsoppgjer.
Delegasjonen frå Alta var sentrale for å få denne resolusjonen på plass.
– Kva synest de om at neste år skal de forhandle ein tredel av heile oppgjeret lokalt?
– Forhandlingar er alltid å gi og ta. Vi vil ikkje ha lokale forhandlingar, men forstår likevel at våre sentrale forhandlarar har gått med på dette for å få eit forhandlingsresultat, seier leiar i Utdanningsforbundet Alta Anette Berger.
– Avtalen seier også at utdanningsgruppene skal vere sikra ein pro rata-del av den lokale potten. Det sikrar at lærarane får sin del, legg nestleiar Tom Henry Elvedal-Johansen til.
KS seier i ei pressemelding at oppgjeret har gitt eit historisk lyft for sjukepleiarar, mange lærarar, barnehagelærarar og andre høgskolegrupper.
Sjå heile resultatet av meklinga her.
Steffen Handal ønsker å presisere korleis forbundet ser på lønnsutviklinga for lærarar. I ein e-post fra 28. mai skriv han:
– Eg mener å ha støtte i Holden III-utvalget, som i 2013 la fram sin rapport om lønnsutviklinga . «Etter utvalgets mening bør årslønnsveksten fortsatt være den viktigste referansen som ligger til grunn for partene når de forhandler i de årlige lønnsforhandlingene» står det å lese i rapporten.
Derfor meiner vi at det må være årslønnsveksten for dei undervisningstilsatte samla, som skal sammenliknas med andre grupper. Lønnsvekst for identiske personar er ikkje godt egna som sammenlikningsgrunnlag.
Men nå skal vi gå igjennom talmaterialet der målet er å gi ein felles analyse før neste lønnsoppgjør.