Uroleg barn – adhd eller traume?
Interesse for mennesket og eksistensen førte meg som godt vaksen inn i læraryrket. Seinare har eg teke vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Det er med dette utgangspunktet eg har lyst til å seie noko om urolege barn og bruken av adhd-diagnosen.
På TV og i andre media dukkar temaet jevnleg opp med ulike årsaksforklaringar. Er det noko som ligg i genane, medfødd hjernefeil eller har det med kosten å gjera? Årsaka kan vera mange, men eg er glad for å høyra at det no er forsking som støttar mi aning om at det i stor grad har med kjensler å gjera. Eivind Schei, som i 2007 gav ut boka Hva er MEDISIN, viser til forsking som konkluderer med klar samanhang mellom kjensler og utvikling av genar og sjukdom. Det blei også nyleg kunngjort i media at urolege gutar lir av å ikkje bli møtt på vanskelege kjensler.
Nyare hjerneforsking viser at måten foreldre møter barna på emosjonelt kan gå i arv, påverka genane og dermed hjernen frå generasjon til generasjon. Den same forskinga viser også at det er mogeleg å bryta slike mønster i familiane. Effekten på hjernen av det ein kallar usikker (disorganized) tilknyting vert samanlikna med traume.
Psykolog Hildegunn Selle frå Psykososialt Team Sør sa på eit kurs ved Sørlandets Sykehus i 2007 at symptoma på Posttraumatisk stress (ptsd) og adhd er samanfallande på 8 av 10 punkt: Uro, konsentrasjonsvanskar, affektregulering, impulsivitet, språk, søvn og motorikk. Dei punkta som kjem i tillegg for ptsd er unngåelsesatferd og flashback av traumatiske minner. Selle understreka at dersom ein ber om utgreiing for adhd, er det det ein får. Ho etterlyste med andre ord ei meir open haldning til problemet, og at det trengst omfattande studier av barn som er henviste for adhd.
Traumatiske hendingar kan truleg skje alt frå me er på fosterstadiet. Hendingar som for oss vaksne kan synast bagatellmessige, kan festa seg i eit barn sin kropp som eit traume. Dette kan ha verknader på resten av livet dersom det ikkje får hjelp. No skal ein ikkje mala fanden på veggen, men med dei siste dagars medieoppslag rundt Lommemannen, minner om store mørketal og for liten kunnskap rundt seksuelle overgrep. Slike overgrep fører i stor grad til posttraumatisk stress og gøymer seg bak mange av dei diagnosane som framleis blir utdelte i psykiatrien. Me har mange med slike lidingar i skulen, og dei ytrar seg på ulike måtar.
Traumatiske opplevingar og vanskeleg emosjonell tilknyting til omsorgsperson hindrar hjernen si fleksible og sunne utvikling. Vi er mest sårbare før hjernen er heilt utvikla, og mest dei første to leveåra. Men det er mogeleg å hjelpa. Problemet er at me i Norge har altfor få fagfolk med nok innsikt i korleis. Det eg har sakna, og som er det mest sårbare for foreldra, er fokus på det psykososiale miljøet. Det synest å liggja ein angst for å gå inn i noko som kan gi foreldre skuldkjensle. Det er lett å sjå at foreldre som slit med urolege barn har store nok byrder frå før, men djupast sett ønskjer foreldre det beste for borna sine. Har borna vanskar, kan det vera eit uttrykk for at foreldra slit. Kan vi utvikla tilbod som kan ivareta foreldre utan å gi dei skuld- og skamkjensle? Det uroar meg å ana konsekvensane av å bedøva eventuelle psykiske vanskar som traume og tilknytingsvanskar med ritalin. Prisen for barnet kan bli svært høg.
Er du interessert, kan lesa meir om tilknytningsteorier og ptsd på nettet (Google). Ein god fagartikkel finn du på David Baldwin's Trauma Information Pages.