Fagpresse-sølv til utdanning.ws

Nettstaden til bladet Utdanning fekk heiderleg omtale då Fagpressen prisa blada sine i går kveld. - Neste år går vi for gull, seier redaktøren i Utdanning, Knut Hovland.

Det vart journalisten.no som stakk av med Fagpressas Nettpris 2005, og www.utdanning.ws og www.kampanje.com fekk heiderleg omtale.
 
Juryen grunngav valet av journalisten.no på førsteplass med at nettstaden til fagbladet til Journalistlaget har fjerna seg frå sin eigen organisasjon og legg vekt på nyhende og debatt i full breidde.
 
Alle som vil orientere seg innafor mediesektoren må lese nettstaden, og sakene som blir presentert, er prega av god journalistikk og stor eigenproduksjon, sa juryen.
 
- Neste år vil juryen seie det same om oss, men byte ut "mediesektoren" med "utdanningssektoren", seier redaktør i Utdanning, Knut Hovland og nettredaktør Fred Harald Nilssen. Dei er nøgde med sølv, og seier dei går for gull neste år.
 
- Lesarane våre og vi er på same spor som journalisten.no. Vi har stor produksjon av nyhende og debatt. Allereie til veka får utdanning.ws eit nytt ansikt, seier redaktør Hovland og fortel at bladet Utdanning veit korleis det skal vere på lag med dei som kjempar for å styrke stillinga til nynorsken i skulen.
 
- Den kampen kan ende med at vi får Fagpresseprisen, seier ein ambisiøs redaktør.
  
Hovland fortel at frilansfotograf Erik M. Sundt, som vann Fagpressens Fotopris, er ein fotograf som Utdanning har mykje glede av. Denne gongen fekk Sundt prisen for ein fotoserie av teaterteknikarar ved Det Norske Teatret.
- Fotojournalistikk i beste klasse og sterk motivsans, seier juryen.

Velferd årets fagblad
Utdanning måtte sjå at bladet Velferd tok over heidersnemninga "landets beste fagblad" då Velferd fekk sjølvaste Fagpresseprisen 2005.
 
- Bladet er ei vaktbikkje på den mest dominerande sektoren i Noreg, nemleg sosial trygd og helse. Bladet set dagsorden med seriøs, god og nyhendeskapande journalistikk, sa juryleiar, Dagblad-kommentator Eva Bratholm, då ho delte ut prisen til redaktør Karin Helene Haugen.
 
Velferd er det einaste frittståande bladet på det samfunnspolitiske feltet trygd, attføring og arbeid. Bladet har som målsetjing å rette kritisk søkjelys mot lover, regelverk og forvaltning av politisk vedtak, og å setje søkjelys på helsefølgjer og sosiale konsekvensar av tiltak, reglar og rutinar for brukarane av velferdsstatens tenester. Bladet kjem ut åtte gonger i året, og har eit opplag under 2500.

Journalistprisen
Bjørn Håkon Hovde og Espen Utaker i bladet Agenda 3:16 som Normisjon gjev ut, fekk Fagpressens Journalistpris 2005 for reportasjen om menigheita Guds Lams Kyrkje.
 
Journalistane avdekte eit lukka miljø med stor grad av maktmisbruk og utnytting av fleire enkeltmenneske. Det journalistiske arbeidet førte mellom anna til at leiinga i kyrkjelyden er på veg ut av landet og at det som er igjen av organisasjonen har skifta namn og er i full endring.
 
- God og avslørande journalistikk, og det i ein arbeidssituasjon prega av både truslar og forsøk på knebling, seier juryen i grunngivinga si.
 
Fleire journalistar fekk heiderleg omtale. Ei av dei var Elisabeth Arnet i Velferd. Ho kom i si tid til bladet etter å ha vore fleire år i Norsk Skoleblad.
 
Marknadsprisen
Årets marknadspris gjekk til bladet Arbeidsmiljø. Bladet fekk prisen for ein kampanje for abonnementsauke. Kampanjen vart gjennomført målretta og bar preg av strategisk og god planlegging. Bladet auka talet på abonnentar med 14 prosent. Blada Sykepleien og Psykisk helse fekk heiderleg omtale.