Open ønskjeliste frå Sogn og Fjordane

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane spelar inn seks namn som aktuelle kandidatar til verva som leiar og nestleiar i organisasjonen sentralt.

Artikler fra alle årsmøtene finner du her.

Eit samla årsmøte støtta innstillinga frå fylkesstyret om å tilrå følgjande kandidatar: Ingunn Alver frå Hordaland, Haldis Holst frå Akershus, Ragnhild Lied frå Møre og Romsdal, Mimi Bjerkestrand frå Hordaland, Terje Skyvulstad frå Østfold og John Torsvik frå Hordaland.

Fylkeslaget har med hensikt unngått å gjere ei klarare prioritering no, ifølgje nestleiar Jarle Hessevik.

– Vi vil ikkje binde oss opp for mykje så tidleg i prosessen. Vi vil vente til vi ser kven som eventuelt seier ja til nominasjon, og då treng vi på det noverande tidspunkt flest mogeleg gode kandidatar. Difor har vi valt å bidra med seks gode framlegg til leiar eller nestleiar, seier han.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane gjorde òg framlegg om kandidatar til sentralstyret. Dei nominerte er: Mimi Bjerkestrand (Hordaland), Anita Olufsen (Rogaland), Ellinor Gilberg Oslo), Rolf Solvoll (Nordland), Kolbjørg Ødegaard (Møre og Romsdal), John Torsvik (Hordaland), Elisabeth Dahle (Oslo), Terje Skyvulstad (Østfold), Tove Marie Børresen (Hedmark), Ingunn Alver (Hordaland) og Bjørn Gulbrandsen (Rogaland).

Powered by Labrador CMS