Kompetanseheving av lærarar for vaksne

Vox har tildelt 408.000 kroner til kompetanseheving og etterutdanning av lærarar som underviser vaksne i Hordaland.

Det vert gjennomført fleire kurs i 2013, og alle er gratis for deltakarane, ifølgje frå Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk).

Fylkesmannen har i fleire år hatt ansvaret for praktisk gjennomføring av etterutdanning av lærarar som underviser vaksne innvandrarar etter læreplan i norsk og samfunnskunnskap. Vox har hatt det faglege ansvaret.

Meir enn 160 lærarar har deltatt på det årlege todagarskurset.

 

Powered by Labrador CMS