– Utdanningsforbundet må på offensiven
Debatt: Skal ideen om livslang læring settast ut i livet, må dei vidaregåande skulane spele ei hovudrolle.
Som slagord er livslang læring snart allemannseige. I alle fall i politikken. Ei rekkje utgreiingar dei siste åra har peika på behovet for nye strategiar og tiltak for at folk skal kunne «lære heile livet». Skal ideen om livslang læring settast ut i livet, må dei vidaregåande skulane spele ei hovudrolle. Få andre institusjonar er i betre posisjon til å sette seg i førarsetet når den nasjonale kompetansestrategien skal realiserast.
Dei vidaregåande skulane forvaltar både yrkesretta og studieførebuande kompetanse. Dessutan har dei erfaring i samarbeid både med lokalt næringsliv og med høgre utdanning. Sjølv om sentraliseringa har gjort sitt inntog også her, er dei vidaregåande skulane framleis desentrale institusjonar, spreidde over heile landet.
Skulane har difor gode føresetnader for å utvide arbeidsfeltet sitt. Men dei må satse, og ta mål av seg til å bli lokale og regionale kunnskapssentrum som treffer langt fleire enn hovudgruppa: ungdom med rett til vidaregåande opplæring.
Alt no finst ei rekkje vidaregåande skular som nærmar seg ei slik rolle. Eitt døme på tett samarbeid finn vi i Sauda. Her har Sauda vidaregåande skule og lokale bedrifter, særleg hjørnesteinsbedrifta Eramet Norway, utvikla utdanningstilbod både for elevar og for yrkesutøvarar, godt tilpassa kompetansebehov i lokalmiljøet.
Men den nasjonale strategien for å investere i og satse på dei vidaregåande skulane som del av den nasjonale kompetansestrategien, manglar. Og fylkeskommunane er i beste fall avventande. Dette var tema også for Lied-utvalet sin første rapport (NOU 2018:15).
For styresmaktene er det ikkje nødvendig å famle etter nye strukturar eller nye organisasjonsformer for å iverksette kompetansereforma. Det er heller ikkje nødvendig å legge til rette for å gjere dette til ein utdanningsmarknad for private aktørar. Tvert imot. Grunnstrukturen er der allereie, gjennom vidaregåande skular. Dei kan også fylle oppgåver på line med fagskulane.
Som den viktigaste portalen til arbeidslivet, kan dei vidaregåande skulane ta på seg utvida roller:
• opplæring og utdanning i samspel med arbeidslivet, basert på kompetansebehov i lokalt og regionalt næringsliv
• ny og utvida tilgang for vaksne, i og utanfor arbeidslivet, til vidare- og etterutdanning lokalt
Sjølvsagt må det meir til, særleg når det handlar om tilbod som universitet og høgskular skal dekke. Men det finst også døme på samarbeid mellom vidaregåande skular og høgskular, der vidaregåande stiller med ressursar både i form av lokale, utstyr og lærarkrefter. Høgre utdanning har det overordna faglege ansvaret, og for godkjenning og sertifisering. Somme vidaregåande skular har også erfaring både med å drive og å samarbeide med fagskuleutdanning.
Statlege opplæringsoppgåver som blir overført til fylkeskommunane, må desentraliserast til dei vidaregåande skulane, heller enn å bli lagde ut til kommersielle tilbydarar.
Statlege opplæringsoppgåver som blir overført til fylkeskommunane, må desentraliserast til dei vidaregåande skulane, heller enn å bli lagde ut til kommersielle tilbydarar.
Nokre forhold må avklarast, og nokre føresetnader må på plass for at dei vidaregåande skulane skal få ei meir offensiv rolle i etter- og vidareutdanning for arbeidslivet.
1. Fylkeskommunane sitt ansvar må tydeleggjerast
I dag har fylkeskommunane ansvaret for vidaregåande opplæring, både for dei som har ungdomsrett og i prinsippet også for vaksne som har behov for vidaregåande.
Plikta og oppgåvene når det gjeld etter- og vidareutdanning, er svak og uklar. Dette har ført til eit konglomerat av tilbod og organisasjonsformer, ofte ulike frå fylke til fylke.
Dersom regjering og storting meiner alvor med at fylkeskommunane skal ta eit større ansvar for regional kompetansebygging, må både lovverk og finansiering klargjerast og forsterkast.
2. Ungdomselevane må prioriterast
På 1980- og 90-talet blei det sett i gang fleire prosjekt med vidaregåande som ressurssenter eller kompetansesenter. Ikkje alt var like vellukka. Å kombinere den delte rolla – undervisning av ordinære elevar og drift av kurs og opplæring – som gjerne gav inntekter, viste seg i somme tilfelle krevjande. For enkelte blei det freistande å flytte ressursar meint for elevar til kursdelen av drifta, som i større grad kunne gi både pengar og prestisje.
Dei ordinære elevane skal alltid prioriterast.
Dette må ein ta lærdom av. Dei ordinære elevane skal alltid prioriterast.
3. Betre samspel mellom skule, lokalt næringsliv og styresmakter
Markussen-utvalet (NOU 2019: 12 «Lærekraftig utvikling — Livslang læring for omstilling og konkurranseevne») vil at næringslivet sine behov skal vere førande for utdanningstilbodet. Generelt er det god grunn til å møte dette synet med kritisk blikk. Kravet om arbeidsrelevans kan lett bli for snevert, og det kan slett ikkje styre utdanningspolitikken. Men det er opplagt at samspelet mellom dei lokale aktørane må vere godt, og at næringslivet sine her-og-no-behov må vege tungt. Viss ikkje, vil bedriftene, enten dei er private eller offentlege, vende seg til andre aktørar.
3. Lærarane må involverast
I lys av negative erfaringar finst det nok skepsis, i alle fall i delar av lærarkorpset, mot at vidaregåande skal ta på seg nye oppgåver. Difor er det ikkje berre ønskeleg, men nødvendig, at tilsette og tillitsvalde blir involverte.
Dersom vidaregåande skular får ei slik utvida rolle, vil det vere eit løft for lærarrolla. Samfunnsoppdraget – å spreie og utvikle kunnskap får ein ekstra dimensjon som også kan kome ungdomsgruppa til gode. Både lærarar og elevar kan dra nytte av eit forsterka samspel mellom skulane og næringslivet, der ein får innsyn i kvarandre sin kvardag. Dette kan også gi rom for tilbod til enkeltelevar og grupper som står i fare for å falle ut av skulen.
Og naturlegvis: Lærarane må ha høg kompetanse, og må sjølve få etterutdanning for å halde tritt med nye krav.
4. Utdanningsforbundet må på offensiven
Det kan verke som Utdanningsforbundet i for stor grad har slept taket i vidaregåande opplæring dei siste åra.
Det kan verke som Utdanningsforbundet i for stor grad har slept taket i vidaregåande opplæring dei siste åra. Konkurransen om medlemmer har alltid vore til stades i vidaregåande. Utdanningsforbundet held posisjonen som den største organisasjonen, men rekrutteringa har flata ut.
Mange, særleg unge, ser ut til å velje andre organisasjonar. I seg sjølv er dette god nok grunn til at Utdanningsforbundet må på offensiven. Satsinga på livslang læring og med eigne medlemmer i front, kan gi Utdanningsforbundet ein eineståande sjanse til å revitalisere seg som talerøyr. Først og fremst for dei tilsette, men også for vidaregåande si rolle i utdanningspolitikken.