2025 er eit jubileumsår for barnehagen
Neste år kan vi feire heile tre jubileum i barnehagesektoren. Det er viktig å markere slike hendingar.
I 2025 vert barnehagelærarutdanninga 90 år, barnehagelova 50
år, og vi skal feire 20 år med Barnehagedagen. Barnehagen har utvikla seg til å
bli ein viktig samfunnsinstitusjon. Er det likevel behov for å markere slike
hendingar? Mitt svar er ja!
Barnehagesektoren har hatt det tøft over tid. Sektoren
opplever bemanningskrise, vikarkrise, rekrutteringsutfordringar, skyhøgt
sjukefråvær og låg pensjonsalder. Den nordiske barnehagetradisjonen, der leiken
står i høgsetet, er under press, og vi ser ei aukande interesse frå eksterne
partar som vil inn og definere kva barnehage skal vere, og korleis rammeplanen
skal tolkast.
Det er derfor viktigare enn på lenge at profesjonen sjølv
markerer hendingar som rettar søkelyset mot oppgåva og mandatet til barnehagen.
Eit utstillingsvindauge
Barnehagedagen er ein slik arena. Barnehagedagen er mange
stader ein etablert dag og dermed eit unikt utstillingsvindauge. Målet med
Barnehagedagen er å synleggjere at barnehagen som pedagogisk institusjon kan
spele ei viktig rolle i barns liv. Dagen gir dermed profesjonen ei gyllen
moglegheit til å fremme barnehagen som ein viktig arbeidsplass. Vi som
profesjon bør nytte denne moglegheita.
Bruk Barnehagedagen
Det er ingen fasit på korleis ein kan bruke dagen, det
viktigaste er at profesjonen tek han i bruk. Ein kan til dømes synleggjere
kvifor leiken er viktig for barn si utvikling, kva barnehagelærarkompetanse kan
tilføre, og kvifor det er behov for fleire nære kompetente tilsette.
Set temaet
på agendaen i personalgruppa, i lokallaget og i klubben. Korleis kan vi nytte
dagen? Korleis kan vi fremme årets tema? Kan vi bruke dagen på andre måtar enn
vi har gjort før? Moglegheitene er mange!
Barnehagedagen 11. mars 2025 har det
viktige slagordet «La leiken leve». Eg håpar alle barnehagar markerer dagen og
startar planlegginga allereie no.
Dette innlegget har òg vore på trykk i Første Steg nr. 3/2024.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.