SPALTIST Anita Cirotzki

Vi bør respektere retten til å logge av

Vi skal ikkje vere tilgjengelege for arbeidsplassen heile døgnet, og vi bør heller ikkje bidra til ein slik praksis.

Er du ein av dei som er tilgjengeleg for arbeidsgjevar, føresette og kollegaer nesten heile døgnet, og som sender ut eller svarar på meldingar, e-post eller oppdaterer den digitale plattforma på kveldstid? Eller er du den kollegaen som helst vil logge av når du kjem heim, men som synest det er vanskeleg? Kanskje er du redd for å bli oppfatta som lite fleksibel eller som ein med lav arbeidsmoral? Det skal du ikkje vere. Du vernar om fritida di, og det har du all rett til. Det bør fleire av oss bli flinkare til.

Emosjonelt stress

Arbeidsrelatert kommunikasjon etter arbeidstid kan verke uskyldig, men det kan òg skape ein kultur som på sikt kan føre til emosjonelt stress og sjukmeldingar. Vi har ein emosjonelt belastande jobb, noko som mellom anna kan føre til sjukefråvær, overgang til andre yrke, psykiske og fysiske plager, tidlegare avgang og då lågare pensjon. Sintef-rapporten Relasjonelle og emosjonelle krav og belastninger i arbeidet bekreftar dette. Dersom ein i tillegg til det belastande arbeidet skal kjenne seg pressa til å vere tilgjengeleg på fritida, kan det føre til ytterlegare stress. Det er ikkje utan grunn at irske myndigheiter har vedteke dokumentet Right to Disconnect, og at fleire andre land har innført liknande reguleringar. Å saman lage retningsliner for arbeidsplassen, kan vere førebyggjande. Har de til dømes snakka om kva meldingar som må sendast med ein gong, eller kva som kan vente til neste dag?

Visker ut grenser

Anita Holm Cirotzki

er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.

Når vi er tilgjengeleg utover arbeidstid, bidreg vi i tillegg til å viske ut grensene mellom arbeidstid og fritid i høve til lov og avtaleverk. Arbeidsmiljølova skal verne mot overbelasting, men berre om vi etterlever ho. Tariffavtalar og arbeidstidsavtalar har òg reguleringar om arbeidstid. Desse avtalane er både arbeidstakar og arbeidsgjevar pliktige til å følgje. Vi skal ikkje vere tilgjengelege for arbeidsplassen heile døgnet, og vi bør heller ikkje bidra til ein slik praksis. Vi skal respektere retten til å logge av, og det ansvaret må vi alle ta.

Dette innlegget har òg vore på trykk i Første Steg nr. 1/2024.

Powered by Labrador CMS