Framtidas barnehage – fleire hender eller fleire barnehagelærarar?
Debatt: Kravet om auka bemanning må ikkje gå på bekostning av statusen til barnehagelæraryrket.
Viss ein kunne spå, korleis ville då
framtidas barnehage sjå ut? Vil det vere fleire tilsette eller fleire
barnehagelærarar og auka kompetanse? I diskusjonen som pågår i barnehagefeltet
om dagen kan det sjå ut som at dette er to motsetnadar, medan eg gjerne vil seie som Ole Brumm, «ja takk, begge deler». Men kva viss ein må velje? Då går eg for
fleire barnehagelærarar og meir kompetanse.
Barnehagedagen 2023 hadde fokus på «Liten og stor» – betydninga av fleire tilsette i barnehagen. Kunnskapsminister Tonje Brenna har fått mykje kritikk for si helsing til barnehagefeltet denne dagen (Mejlbo, 2023). Det er særleg denne uttalelsen som har motteke kritikk: «Vi vet at de ansattes kompetanse er avgjørende for kvaliteten på barnehagetilbudet. Derfor ønsker regjeringen at flere er fagarbeidere og barnehagelærere og vi styrker satsingen på etter- og videreutdanningstilbudet for alle barnehageansatte».
Både barnehagelærarar og styrarar ser ut til å uttrykke at dei først og fremst treng «fleire hender», uavhengig av utdanningsbakgrunn, og at fleire barnehagelærarar vil føre til meir plantid, og dermed tid vekke frå barna. Det blir også uttrykt ei bekymring for låge søkartal til barnehagelærarutdanninga (BLU) og at statusen til barnehageyrket og barnehagelærarar er låg. Dei ser også behovet for auka kompetanse, men etter at «fleire hender» er på plass.
For meg blir dette eit paradoks. Korleis kan eit fokus på at tal hender i barnehagen er viktigare enn å få fleire med barnehagelærarutdanning, auke statusen til barnehagelærarar? Korleis kan eit slikt fokus få fleire til å sjå nytten av å søke seg til BLU og ta ein bachelorgrad nettopp for å jobbe i barnehage? Kan ein ikkje risikere at kravet om at auka bemanning går før fleire barnehagelærarar og auka kompetanse er med på å nettopp undergrave behovet for fleire barnehagelærarar? Kan ein ikkje då risikere at spørsmålet som eg fekk då eg tok førskulelærarutdanning tilbake i 2007-2010 og som mine studentar i dag seier dei framleis får, blir endå meir aktuelt? «Treng ein verkeleg utdanning for å jobbe i barnehage?»
Eg skjønnar frustrasjonen til dei barnehagetilsette, og eg ser absolutt at det er behov for auka bemanning gjennom heile dagen for å kunne møte dei ulike barna sine behov og for å kunne møte alle dei krava som er stilt til barnehagen gjennom mellom anna rammeplan og ulike styringsdokument.
Auka bemanning må ikkje gå på bekostning av statusen til yrket
Eg håpar at også Tonje Brenna ser dette behovet. Men me må passe oss slik at ikkje behovet for auka bemanning går på bekostning av nettopp auka status for barnehagelærarar. På landsbasis såg me ein nedgang i tal studentar som søkte BLU hausten 2022 (Tresse, 2022), og på Campus Sogndal er det no under 20 førsteårsstudentar. Samtidig skrik barnehagar etter både fleire barnehagelærarar og vikarar.
Dei siste åra, og kanskje særleg under Covid-19 pandemien, har det vore mykje negativ omtale knytt til det å jobbe i barnehage. Eg er redd for at å i hovudsak ha eit negativt fokus på det å jobbe i barnehage, ikkje bidreg til å auke søkartala til BLU eller til å skaffe «fleire hender» til barnehagen.
Eg har spurt studentar ved BLU på Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal om korleis framtidas barnehage vil sjå ut. Studentane ser mellom anna for seg at det vil bli auka krav til barnehagen, tydlegare krav om leiing og kompetanse, høgare bemanningsnorm og auka plantid, meir bevisst bruk av leiingsteori og organisasjonsteori, ei tydlegare leiarrolle, høgare krav til utdanning, tydlegare skilje mellom stillingar, heva status, fleire faglærde, meir bevisst bruk av fagspråk og meir kritisk refleksjon over eigen praksis.
Dette er som musikk i øyrene for ein faglærar som forskar på leiing og kompetanseheving i barnehagen. Og lat oss håpe at deira framtidsspådommar blir verkelegheit.
Engasjerte studentar
I den lokale nettavisa porten.no har Kristin Vee (2022) intervjua fire sisteårsstudentar på campus Sogndal, som ifølge Vee «struttar av glede, engasjement og motivasjon for det framtidige yrket dei har valt». Studentane trekk fram kor viktig det blir for dei når dei byrjar å jobbe i barnehage at deira medarbeidarar viser glede og engasjement for den daglege jobben dei gjer. Student Lars Kristian Garnes seier til dømes at det er «mykje kjekt du kan drive med i barnehage innanfor dine interesser og likevel halde rammeplan».
Eg ønskjer fleire slike saker velkommen og ikkje minst fleire slike studentar og eit auka fokus på kor viktig det er å ta ei utdanning for å kunne gje barn eit best mogleg pedagogisk tilbod. For barnehagen er det første steget på utdanningsløpet til barna.
Skal du jobbe som barnehagelærar, må du kunne meir enn å passe barn – du treng mellom anna kompetanse i korleis barnet utviklar seg, individuelt og i gruppe, og korleis legge best mogleg til rette for dette, du skal leie både ufaglærde og faglærde medarbeidarar, du skal samarbeide med foreldre med alle sine ulike bakgrunnar, erfaringar og forventningar, og du skal samarbeide med eksterne instansar og lokalmiljø. Dette krev meir enn at du har to hender.
Referansar:
- Kaja Mejlbo (2023): Barnehageansatte i harnisk etter Brennas hilsen på barnehagedagen. Utdanningsnytt (nettutgava). 15.03.2023
- Anna Tresse (2022): Nye søkertall: Sjokktall for barnehagelærerutdanningen. Utdanningsforbundet. 27.04.2022
- Kristin Vee (2022): Fy søren kor mykje kjekt du kan drive med i barnehagen innafor dine interesser. Porten.no (nettavis). 09.03.2023