Uteanlegga i barnehagar og skular er viktigare enn idrettsanlegga
Debatt: – Her kan du ta tak, Kari Nessa Nordtun!
I eitt innlegg i Stavanger Aftenblad 1. november skriv Stein Iden at skulegarden er ein viktig plass for elevane.
Tanken til Stein Iden er: «Dersom man virkelig vil satse på skolegården, bør det opprettes en nasjonal tilskuddsordning for skolegård som likner den man har for idrettsanlegg gjennom spillemidlene».
Etter mitt
syn er utearealet i barnehagar og skular viktigare for fysisk og sosial fostring for barna/elevane enn
idrettsanlegga.
Stein Iden
skriv vidare at utearealet kan «misbrukast» til utestenging og mobbing, som
igjen kan føra til former for ekstremisme.
Etter mitt syn består god læring av danning og utdanning. I danninga lærer barna om fellesskap, medkjensle, omsorg og ansvar. Arena for å leggja grunnmuren for danning er heim, barnehage og 1. klasse. Elementa bør då vera leik, sang, fortelling og samtale. Dersom danninga uteblir for barna, vil ein del av grunnlaget for eitt godt og harmonisk liv bli svekka.
Første klasse bør, etter mitt syn, bestå mest av leik, sang, fortelling og samtale framfor å framskunda innlæring av tal, bokstavar og testar.
Eg pensjonerte meg som 65-åring. Men eg kunne likevel ha tenkt meg ein plass i skulen utan ansvar for undervising om eg hadde fått litt i løn. Eg trur at fleire pensjonistar kunne tenke seg å vera ein ressurs i miljøet som samtalepartner for elevane, enkeltvis eller i små grupper. Då kunne kontaktlæraren konsentrert seg om undervisinga. Det kunne vore eitt pluss for både elev, kontaktlærar og pensjonist.
Det måtte sjølvsagt innarbeidast som ein avtale mellom kommune/stat og lærarorganisasjon og vera frivillig for pensjonisten.
Utdanningsforbundet bør også vurdera kva innstilling forbundet skal ha om dette.